onsdag 31. august 2011

Suppe med spanske smakar

 I dag har eg laga suppe til gjengen kjem att frå fotballtrening og fjelltur.
Her ser de ingrediensane.  Oppskrifta fann eg s. 40 i Smalhans.  I tillegg smakte eg til med litt buljong.  Eg fekk så lyst på egg og tenkte at hardkokt egg et ein i heile verda.  Suppa er nok så pass sterk at den milde smaken av egg forsvinn.   Men ein kan la egget ligge att til slutt om ein vil.

2 kommentarer:

  1. Sånn suppe fekk eg lyst på. Og i matlageret mitt finst det tomatbønner som har vore der ei stund, dei kunne eg sikkert bruke. Eg brukar sjeldan oppskrift når eg lagar mat, men så skal eg ikkje "prøve ut" noko heller. brukar det eg har, og som regel går det bra.Med egg blir suppa meir mettande, det er vel litt av visen med egga, i tillegg til proteininnhaldet.

    SvarSlett
  2. Ja, han første som kom heim ville skiver med egg og tomat attåt suppa. Der er ei suppe med tomatbønner i også. Eg synest det er greit å prøve ut nye oppskrifter, det er så lett å gå seg fast i eit spor. Oppskrift bruker ein første gongen, etterpå står ein meir fritt.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...