Før påske la Gunda ut ei suppe på bloggen sin. Mi suppe er inspirert av hennar.
Eg starta slik som henne med å surre grønsakene. I staden for bønner brukte eg av kikerterlageret mitt.
Og då eg hadde late spinaten få varme seg i suppa, mosa eg suppa med stavmiksar. Eg serverte suppa som forrett til omnstekte kyllinglår. Gjengen hadde berre ei innvending: Suppa var så mettande! Med egg og brød til kunne suppa vore servert til middag.
torsdag 4. april 2013
onsdag 3. april 2013
Stem!
No er påska over, og dei fleste som ser krim, har kanskje gjort seg opp ei meining. Og likte de to - ja då kan de stemme på begge!
Eg skal ikkje legge føringar slik ein gjer i visse TV-program der publikum skal ringe inn. Smaken er ulik. Eg synest det er kjekt om dei som stikk innom, tek seg tid til å stemme!
Bilde av andre enn Mordene i Fjällback la eg inn her.

tirsdag 2. april 2013
Klenodium
I påska kom mor mi med nokre ting ho ville eg skulle ta vare på. Det gjer eg med glede!
Det første er eit forkle som oldemora mi sydde til mormor, svigerdotter si. Kan det ha vore på 50-talet?
Viss ein studerer detaljane, ser ein at stoffet er godt utnytta. Maskina kunne nok berre sy rettsaum.
Mormor jobba som kjøkensjef på sjukehuset på Eid til ho vart pensjonist 70 år gamal i 1974. Ho var svært flink til å lage mat. Mi oldemor hadde ikkje komfyr. Ho kokte i grua. Mormor fekk oppleve utviklinga frå vedfyrt til elektrisk komfyr. Mormor laga majones for så å lage italiens salat, og ho bakte vassbakkels i vedfyrt komfyr. Det vart nok rekna som avansert den tida. Mor mi kan fortelje meir om dette!
Då ho vart pensjonist, oppdaga vi at ho kunne å hekle. Ho lærte sikkert meir frå mønster i vekeblada. Desse gryteklutane hekla ho vel til oss då vi fekk raud komfyr seint på 70-talet. Flisene på kjøkenet var raude og brune.

mandag 1. april 2013
Gult er ikkje kult ...
... når påskeferien går mot slutten. No har eg putta alle gule dukar og handdukar i vaskemaskina. Så ber vi dei opp på loftet til neste år.
Vi kan sjå attende på den finaste påska på mange år. Ein dag med snø måtte vi tole. Elles har det vorte fine dagar til turgåing og avslapping på altanen.
Vi har hatt minst ein "middagsgjest" kvar dag.
Det har vorte tid til hobbyar som strikking og lesing.
Frøkna har øvd seg på cupcakes.
No ser vi fram mot ein god arbeidsmånad i april.

søndag 31. mars 2013
Genser i Mitu
Då eg starta å strikke denne genseren, tenkte eg at han kom til å bli ferdig i mai. Genseren ville bli fin til neste sesong, eller kanskje til ein kald kveld på stadion. Skuldrane streika også i starten av ferien. Det har begynt å bli ein vane. Men så fekk eg blod på tann. Eit strikketøy er fint å ha for å halde seg vaken gjennom lange krimepisodar ...
Eg strikka genseren i medium på pinnar 4 i staden for 4 1/2. No skal eg strikke tilbehør, ein laus hals som i oppskrifta og eit panneband.
Eg strikka genseren i medium på pinnar 4 i staden for 4 1/2. No skal eg strikke tilbehør, ein laus hals som i oppskrifta og eit panneband.
Mor mi strikka nokre slike calorimetryar. Dei har eg brukt mykje når eg er ute og går. Eg synest det passar godt med lik hals og panneband.
lørdag 30. mars 2013
Bok 14: Den tomme stolen
Denne romanen er nok ein bestseljar. Når ein har skrive romanane om Harry Potter for så å skrive ein vaksenroman, kan ein vel rekne med å selje på forfattarnamnet. Det hjelper nok også at Coop set fram fulle sjokkseljarar med paperbackutgåver til 99 kroner.
Så kjem kritikarane og er halvfornøgde. Sjølvsagt er dei det. Men ein får gjere seg opp si eiga meining!
Romanen startar med eit dødsfall. Eit soknerådsmedlem døyr av hjartesvikt. Fleire kan tenkje seg å ta plassen hans. Det gjeld både i soknerådet og ektesenga. Heller utspekulerte metodar vert brukte.
Sjølv om boka både er morosam og underhaldande, ligg alvoret i botnen. Ein møter ulike menneskelagnader, som han som ikkje kan velje, for då vil han velje vekk noko, og det tek han ikkje sjansen på. Så er det ungjenta som har funne ein veg til å få flytte heimanfrå, nemleg å bli gravid. Ho er ikkje kresen i valet på barnefar. Sosialarbeidarane har ingen enkel jobb der i strøket.
Eg ser at ein skal lage TV-serie av boka. Det er berre å gle seg!
Elles ser at denne skildringa av den indiske kvinna har vekt harme:«Sukhvinder har kanskje bart, men puppestellet hennes er anstendig».
Viss eg skulle sette fingeren på noko, så meiner eg at omsetjinga innimellom er noko direkte. Ein del uttrykk er berre omsett direkte i staden for å finne tilsvarande norsk. Bikarbonat av soda har eg trudd er natron. Elles hugsar eg ikkje fleire, berre at eg tenkte eg skulle hugse eit par.
Desse tre krimromanane lånte eg på bybiblioteket før påske. Eg har begynt på den til høgre,

fredag 29. mars 2013
Nok ein nydeleg dag
Også i dag har det vore ein nydeleg dag her hos oss. Gutane for på fjelltur.
Som de ser på dette bildet, må ein bere skia eit stykke før ein kjem opp til snødekte fjell.
Vi andre trimma på andre måtar. Eg tok min vanlege runde - rundt vatnet.
Også i dag gjekk eg på vegen. Det ser ut som der er både snø og is på stigen.
Eit lite apropos til jula som varer til påske. Julestjerna måtte eg hive ut i snøen for å ta knekken på!
No gjer studenten seg klar til å ta nattbussen til hovudstaden. Han vil kome i gang med lesinga. Det er ikkje så lenge til mai og eksamen.

torsdag 28. mars 2013
Besta har bursdag!
Lammesteik er så enkelt at det kan alle greie, stod det på matprat. Det er sant. Det er lettvint mat. Eg gjer slik som det står på etiketten på Gilde lammelår. På eit matprogram var det snakk om partypoteter. Eg veit ikkje kva definisjonen på det er, men eg kjøpte nokre kilo ein dag eg kom over det. Dei hadde tynt skal, så vi skrelte dei ikkje. Til dessert vart det sjokoladepudding, jordbærgele med jordbær og bær i krydderlake med is.
Fødselsdagbarnet stilte med kaker. Sjølv hadde eg berre laga eit par rørebrød, 1/2 gong større enn desse, som eg serverte til eit ostefat.
Det vart tatt flest bilde med mor mi sitt kamera. Vi prøver å lære oss med Nikonkameraet hennar, men vert ikkje heilt fortrulege med det. Sjølv har eg eit Canon speilrefleks. No satsar vi på at ein Nikoneigar hjelper henne.
Vi får berre takke gjestene for ein triveleg dag!
onsdag 27. mars 2013
Sjokoladepudding
Inspirasjonen til dagens dessert kom eigentleg på facebook. Eg såg at nokon hadde laga det og kom til at det er lenge sidan eg har laga den populære desserten. Eg kalla det dagens dessert. Eigentleg hadde eg tenkt å servere han i morgon, men så gjekk ein av karane forbi grytene og vart så skuffa då han kunne tenkt seg sjokoladepudding i dag. Og kva gjer då mor? Ho lagar sjølvsagt ei skål til! Oppskrifta er tatt frå Ingrid Espelid si bok "20 år i fjernsynkjøskjøkkenet". Måla der er på strøkne ss. Det opererer vi ikkje med på skulekjøkenet i 2012. No er det måleskeier som gjeld. Eg har og rekna oppskrifta om til 1 l mjølk. Som de kanskje ser har eg dobla oppskrifta i dag - to gonger.
Det er like lett å koke sjokoladepudding som å koke kakao.
1 dl maisenna1 dl sukker
3/4 dl (5 ms) kakao
1 l mjølk
2-3 ts vaniljesukker
Blans først saman dei tørre ingrediensane (ev. unnateke vaniljesukker). Rør inn litt kald mjølk og rør til glatt røre. Spe med resten av den kalde mjølka. Kok opp.
Gi blandinga eit oppkok. Småkok i 2 minutt før du har puddingen i ei skål.
Server sjokoladepudding med vaniljesaus. Eg har gjort det enkelt og kjøpt Piano. Krem er også godt til.
I mi gamle oppskrift står det at ein skal ha i vaniljesukker til slutt. Den regelen meiner eg ikkje gjeld om ein bruker ekte vaniljesukker.
tirsdag 26. mars 2013
Stem på årets påskekrim 2013!
Også i år vil eg lage ei lita uhøgtidleg meiningsmåling på bloggen. Påska er høgsesong for krim. Eg har plukka ut dei eg har funne i programma for i år. Reprisar er ikkje med. Blogglesarane får seie ifrå om eg har gått glipp av nokon!
Først ut er "På innsida" eller "Inside men". Serien er todelt, og han starta allereie i går. Handlinga foregår på ein teljesentral. For å rane denne, må ein ha folk på innsida. Kven er ærlege? Kva går gale? Dette vert gradvis avdekka. Serien har nerve. Dette er krim etter min smak. Mot slutten i går såg eg at serien er teksta på nynorsk. Når eg strikkar, les eg ikkje teksten. Eg synest sjølvsagt det er positivt at populære program får nynorsk tekst!
I morgon startar "Blodig urett" eller "Injustice" på NRK. Etterforskaren er ein skrankeadvokat av drittsekktypen. Han som har skrive serien står og bak "Kriminalsjef Foyle".
Lewis er vel kjent og kjær for dei fleste. Eg synest å hugse at mange stemte på han i fjor. Langfredag NRK.
The Town startar på torsdag på TV2. Foreldra til søskenparet Mark og Jodie ser ut til å ha tatt livet av seg. Mark begynner å grave i tinga til foreldra ...
Det er litt tidleg å begynne å stemme. Vi må sjå seriane først. Sjølv har eg stor tru på "Inside men" - viss den held fram på same måten og avsluttinga vert god.
mandag 25. mars 2013
Rørebrød
Desse frøbrøda har vorte svært populære i familien. Det daglege brødet er som kjent 75% grovt. Men i helger kan ein skeie ut! I går visste eg at eg skulle stå tidleg opp, så då passa det godt å bake dei til yngstemann kom heim. Prosessen startar kvelden før.
2 brød i 1 1/2 l former
5 g gjær
600 g kaldt vatn
780 g kveitemjøl
100 g frø
2 ts salt
Veg opp og rør saman ingrediensane om kvelden. Du har rørt nok når alle ingrediensane er blanda. Dekk bollen med lok eller plast. Eg synest det er greitt å bruke ein tallerk.
Morgonen etter har deigen heva seg godt.
Legg nokre frø på eit bakepapir eller ei bakematte om du har,Bruk ei deigskrape til å få deigen ned på matta. Trykk deigen litt flat og del i to. Rull saman utan at det kjem fleire frø inni.
Ha brøda i godt smurde former.
Set steikeomnen på 250 grader medan brøda hevar ein time.
Set brøda i omnen. Kast 1/2 dl vatn inn i omnen. Senk temperaturen til 200 grader etter ca 15 minutt. I min omn må brøda stå ca 50 minutt til saman.
søndag 24. mars 2013
Heimkomne søner
I dag var vi relativt tidleg oppe. Studenten kom med nattbussen i halv ni-tida medan yngstemann kom med eit tidleg morgonfly frå Tyrkia eit par timar etter.
Også han har fått med seg kva sjokolade han bør kjøpe på tax free. Dette er andre dosen denne veka.
Medan karane slappa av etter reisene, sette eg ei lammesteik i omnen og gjekk rundt vatnet. Det er så lyst at ein ser ikkje kva ein tek bilde av.
Det har også vorte tid til å sole seg litt på altanen. Ein kan berre håpe at det nydelege veret held seg.
Påskepynten er svært enkel her i år. Det har vore så kaldt at det har ikkje vore freistande å styre med mold. Finn Schöll sa på frukost-TV at viss ein har for mange plantar av ein sort, ser det ut som ein har kjøpt tre og betalt for to. Eg kjøpte 10 og betalte 100 - for å seie det rett ut. Pottene sette eg rett i utepottene med noko papp under. Snart ser ein vel det gule på lang avstand!
God påske!

lørdag 23. mars 2013
Rørt jordbærsyltetøy med appelsin
Idéen til å lage dette syltetøyet fann eg i ein brosjyre frå Rema 1000 som eg ikkje fann då eg skulle lage det. Men her treng ein eigentleg ikkje oppskrift. Slik gjorde eg:
1 pk halvtinte jordbær2 små/1 stor appelsin - bruk berre det gule, filetane som dei sieier på TV
1 dl sukker
4 ts frysepulver
Ha alle ingrediensane i ein foodprosessor eller anna eigna maskin. Køyr maskina til du har ei glatt røre.
Viss ein tenkjer å ete all sylta med ein gong, kan ein kutte frysepulveret. Ein kan sjølvsagt bytte ut sukkeret med anna søtstoff om ein vil.
Eg serverte syltetøyet til årets første vaflar på altanen. Det vil seie, i dag steikte eg dei inne og tok dei med ut. Vaflane laga eg av mi vanlege oppskrift der eg bruker 1/3 kveitemjøl, 1/3 Fibra eller sammalen kveite, fin og 1/3 havregryn i staden for berre kveitemjøl. Eit sunt og godt måltid!
Gratulerer Ingeborg!
I dag fyller Ingeborg, niesa mi, 20 år. Vi gratulerer! Dagen feirar ho i Singapore. Det er spennande å følgje henne på facebook for tida medan ho reiser verda rundt. Bilda har eg knabba derifrå.
Vi håper og trur ho storkosar seg!
Vi håper og trur ho storkosar seg!
Abonner på:
Innlegg (Atom)

.jpg)