lørdag 11. februar 2012

Mors dag

I morgon er journalisten på jobb, og vi vert opptekne med korpskonsert.  Så eg sette like godt to svinesteiker i omnen og inviterte alle på middag i dag.  Studenten, som er heime i helga, et ikkje så ofte reint kjøt, seier han.

No skal eg lage kvæfjordkake til korpskonserten i morgon. Fyllet vert vel best om eg har det i kaka i morgon.  
Blogglesarane får ha ein fin laurdagskveld og ein fin morsdag i morgon!

P.S.
Bordet mitt i dag er pynta omtrent som sist.  Det er med som illustrasjon sidan ingen vil på mors blogg.

Meir om margarin

I går lærte vi at det fanst mange margarinfabrikkar i Norge, men at dei ikkje heldt det gåande så lenge. På NRK sine sider kan ein lese om Firda Margarinfabrikk som produserte margarin frå 1934 og ut på 60-talet.  Dei hadde ein margarin som det var smør i, nemleg Firda spesial.  Mor mi hugsar denne fabrikken, og det er ho som har tipsa meg.  Kanskje andre blogglesarar veit om andre margarinfabrikkar?

Lærerik dag i hovudstaden

I går tok eg første fly til hovudstaden og siste fly heim att.  Ærendet var årsmøte me fagdag i Landslaget for mat og helse i skolen. Eg er leiar i lokallaget Nord Vest.

Vi hadde møtet hos Mills på Grünerløkka der vi fekk ei innføring i margarinen si historie. Opphavet til margarinen var at folk mangla feitt, og den franske kongen utlyste ein konkurranse der ein skulle lage feitt som eit alternativ til smør.  I Norge starta det opp mange margarinfabrikkar, men no står vi att med berre ein eigd av Agrakonsernet.

Dei hadde vaskedag på den fire etasjars høge fabrikken midt i Oslo, men vi fekk sjå noko av produksjonsutstyret deira.  Om ikkje lenge flyttar dei produksjonen frå Oslo til Fredrikstad.


Liv Gregersen Kongsten, tilsett i Mills i fleire tiår, fortalde om opplysningsarbeidet sitt.  Vi fekk sjå brosjyrar frå fleire tiår.  Då ho starta, var rasjoneringskort framleis i bruk her i landet.  Denne dama kunne eg ha høyrt på i fleire dagar!  Ho sit inne med utruleg mykje mathistorie.  Eg håper nokon skriv denne historia, og at alle brosjyrar blir tilgjengelege digitalt!  Dei hadde laga eit lite museum i fabrikken.

Det kan hende det dryp litt meir på blogglesarane seinare i form av nettadresser og tips.

onsdag 8. februar 2012

Fylte hyller

 Då har det kome usalta smør i butikken!  Det er svært sjeldan eg bakar med dette produktet, men når det har mangla, er det akkurat som ein blir dradd mot nettopp desse oppskriftene.  I den nye kakeboka mi var der spesielt ei kake eg har lyst å lage.

Fredag reiser eg til hovudstaden der eg skal på årsmøte for Landslaget i mat og helse.  Vi skal bli kursa i Fettskolen på Mills.  Det skal bli interessant.

Til morsdag skal eg bake kake til korpskonserten.  Studenten kjem truleg heim i helga.  Han reiser nordover medan eg reiser sørover.
Eit nytt produkt datt opp i handlekorga mi i dag: Ein gjær som ikkje trekkjer seg attende når ein kjevlar ut pizza. Har blogglesarane prøvd denne gjæren?

tirsdag 7. februar 2012

Syttitalssmørbrød

No når vi har både smørbrødgrill og mikrobølgjeomn, vert det sjeldan at ein lagar seg ostesmørbrød i omnen. I går kveld stod det att nokre ananasringar etter ein salat som vart laga til middagen.  Det er kupp på store skinkepakkar på coop for tida, og riven ost har eg rikeleg av.  Plutseleg fekk eg så lyst på gamaldagse ostesmørbrød!

Ein smør først på eit lag med sennep.  På syttitalet var det vel ikkje lov å ta to skinkeskiver ... Oppå skinka legg ein ananas og ost.  Krydderet er paprikapulver.  Steik i steikeomn på 225 grader til osten har smelta. Det smakar ikkje så verst i 2012 heller!

mandag 6. februar 2012

Forbruksvare?

Omtrent annakvart år kjøper eg meg ei ny steikepanne med fantastiske eigenskapar.  I dag kjøpte eg meg ei ny som skal tole det meste.  Det er berre det at eg har høyrt det før.




Då eg fortalde ei venninne at eg hadde kjøpt meg ei Woll-steikepanne, sa ho at ho hadde slite ut si.  "Går det an - med fem års garanti?" var min reaksjon.  Ja, det er lett gjort, har eg no erfart.  Mi kan ikkje brukast til eggerøre lenger.

Kvifor eg ikkje nyttar meg av garantien?  Det har eg rett og slett ikkje samvit til.  Den har nok vore i hard bruk, om nokon då skulle forhøyre meg.  Andre kokkar har og vore i sving.

No satsar eg på at produsentane forskar fram stadig nye og betre produkt, slik at eg kan ha glede av denne panna nokre år.

Jernsteikepanna mi har halde i 25 år, men no er hanken blitt laus, og festet er så slite at det ikkje kan reparerast.  Eg skal nok snart unne meg ei ny, for til pannekaker er det berre den som nyttar, meiner no eg.

Prisen på Matadorsteikepanna?  369 kroner på Coopkupp.

søndag 5. februar 2012

Litt av ei helg!

Denne helga har det vore vintertreff på Hareid.  Eg har vore nestkommanderande i matkomitéen og hatt ansvar for matserveringa på ungdomsskulen.  Vi har servert brødmåltida til 150 ungdomar.  Til middag og laurdagskveldsmat kom det dobbelt så mange.  Avviklinga av måltida gjekk greitt. Det overraska meg positivt kor flinke ungdomane var å rydde etter seg.  Åt opp maten sin gjorde dei og stort sett.

Eg fekk fri frå eit måltid i går.  Så fekk eg litt kjensle av helg.  Det tøffaste var å gå på ein heil arbeidsdag etter full dag på jobb fredag.  Eg tusla meg heim att i eittida etter å ha stått i kiosken for ein annan.

Ein lærer mykje ei slik helg.  Ikkje minst erfarer ein at folk er forskjellige.  At godt vaksne folk vert sure om dei ikkje får kjøpe rette typen brus, prellar av på meg.  Dei fekk tilbod om gratis jus eller vatn ... Eg har samla nokre gode døme til bruk i opplæring i "korleis ein kan få sagt det same på ulike måtar".

 Andre tek ekstraarbeid med godt humør og hjelper til der dei ser det trengs.  Programmet har eg ikkje fått med meg så mykje av, men eg har berre høyrt positive ting om det.  Eg trur det var mykje som skjedde, så det var liten sjanse til å kjede seg.

Det er nok mange som kan kvile på sine laurbær i kveld!

lørdag 4. februar 2012

Bok 8: Min kamp 3

Denne boka har eg hatt liggande halvlesen sidan i sommar. Eg trur ein godt kan ha litt avstand mellom bøkene.

Eg har tidlegare spurt "Kva er det med Knausgård"? Det kan vere vanskeleg å definere.  Han skriv godt.  Han hugsar ikkje minst godt.  Og han er dønn ærleg.

I tredje boka handlar det om barndomen og tidleg ungdom.  Det er artig å lese korleis ein gut opplever denne brytningstida for oss som var jenter på 70-talet.

Nokre episodar gjer spesielt inntrykk.  Dei som har lese boka veit kva eg meiner når eg dreg fram den manglande sokken.  Karl Ove finn ikkje eine sokken sin etter symjetreninga.  Han set alt inn på å finne den - og nå bussen.  Han veit korleis faren vil reagere når han finn det ut.  Og det gjer han.

Eg har fjerde boka liggande. Den skal i alle fall få vente til eg har lese Falkberget og Skram!  No er eg inne i ein klassikarperiode.

fredag 3. februar 2012

I bruktbutikken - igjen

Sist eg var innom bruktbutikken og kjøpte det grøne fatet, såg eg dette brune også.  Det er omtrent like stort. Og eg har 12 slike brune glasasjettar.  Onsdag var eg i gata, og då stakk eg like godt innom Brukt og billeg og kjøpte fatet.  Neste gong eg lagar marengsbotnar, kan eg ha ein i kvart fat og pynte dei forskjellig viss eg vil.

Det er det som er artig med bruktbutikken.  Ein finn delar av servise ein har frå før.  Kva som er fint og ikkje, er ei smaksak.  Det meste er vel brukande i rette omgjevnader.

torsdag 2. februar 2012

Bok 7: Når jeg er hos deg

Eg har likt romanar av Linn Ullmann før.  Romanane har ofte ein viktig bodskap.  Denne får eg ikkje taket på.  Eg ser at andre liker romanen.  Les gjerne meir her.  Og les gjerne boka.  Ho er for all del velskriven.

Norsktime

 Ein av dei rettskrivingsreglane det vert synda mykje mot i nynorsk, er regelen for bøying av substantiv i inkjekjønn bunden form fleirtal.  Regelen er enkel: Inga ending!

eit stykke - stykket - ( stykke  - (dei) stykka

Retteprogrammet i word gir raud strek under feil bøying.

Eg bruker å seie til elevane at når dei skal jobbe i butikk, skal dei selje eple.  Legg også merke til at det kan heite anten fleire bilde eller bilete.

onsdag 1. februar 2012

Akkurat det eg ønska meg!

I fjor var vi i London i vinterferien.  Ein av suvenirane eg kjøpte til meg sjølv, var eit "kongeleg" krus med dei to som då var forlova.  På bryllaupsdagen tok eg med meg kruset på jobb.  Eg har fått hatt det i fred - til no.  Kruset har falma gradvis.  Men då det vart investert i ny oppvaskmaskin, gjekk den siste dekoren fort vekk.  For tida er kruset kvitt.  Eg har fleipa med at kruset falmar i takt med kjærleiken, og at om det vert knust, er det eit dårleg teikn.

Då eldstemann skulle til London, var eg snar å orde frampå: Eg ønskjer meg eit nytt krus.

Ingen torer nok å låne dette med det første!

tirsdag 31. januar 2012

Jakta på klassikarane

Øystein har fått inn mange Dead novelists-lister frå kollegaer og vener. Mange av dei har Sjur Gabriel øvst. Etter at eg hadde lese nokre lister, gjekk det opp for meg at listene var kronologiske.  Dety gjer det nok litt lettare.

Så kjem spørsmålet: Har eg lese Sjur Gabriel.  Ja, eg hugsar nok litt av denne - var det Oline? (Eg sjekka.  Det stemte...) I går var eg innom bybiblioteket og lånte lydboka.  Eg synest å hugse at replikkane var på dialekt.  Viss den er godt innlesen, trur eg det blir ei god lesar-, eventuelt lyttar-oppleving.

I pensum i tiande er det novella Karens jul  av Skram som er pensum.  Kvar gong eg les ho, får ho nye dimensjonar.  Dette er litteratur som står seg!

Attende på bygdebiblioteket bestilte eg Den fjerde nattevakt av Falkberget.  Den er omtrent sikker på at eg ikkje har lese.  Den neste på ønskelista trur eg vert Musikk fra en blå brønn, inspirert av Olga.  Eg har berre  lese utdrag av den til no.

Desse fem skal på mi liste:

1. Camilla Collett: Amtmandens døttre (1855)
2. Amalie Skram: Sjur Gabriel (1887)
3. Knut Hamsun: Markens grøde (1917)
4Sigrid Undset: Kransen(1920)
5. Sigurd Hoel: Møte ved milepælen (1947)


framhald følgjer ...

mandag 30. januar 2012

Rundstykke med ost

 I kjøleskåpet mitt er der no nokre pakkar med ost som eg har fått attpå Gilde kjøtdeig.  I nokre rettar bruker ein begge delar, men når ein til dømes lagar kjøtbollar, vert det nokre pakkar ost til overs.
Eg kom på nokre horn eg brukte å lage på 80-talet.  Då hadde eg ny food-prosessor, og eg reiv ost, smuldra mjøl og smør og knadde deigen i han.  I går hadde eg meg ei lita leiterunde i gamle kokebøker.  Eg såg for meg størrelsen på boka.  Til slutt fann eg ho.  Kanskje blogglesarane har ei sameleis?
 Eg har nokre slike bøker frå prøvekjøkena.  Denne er frå 1987.
 Eg scanna oppskrifta til dei som vil ha den originale.  Eg laga mi om til  "2012".  No bruker eg brødbakemaskin.  Men de kan sjølvsagt bruke ei anna kjøkenmaskin.  Elles brukte eg mindre gjær.  For å få luftigast muleg deig sette eg til mjukt smør i klattar til slutt.  Egget er og frivilleg ...

4 dl lunken mjølk
1 egg
1/2 pk gjær (1 om du har lita tid)
1/2 ts salt

ca 11 dl kveitemjøl
200 g riven ost

50 g mjukt smør

1. Ha lunken mjølk, egg, gjær og salt i bakebollen.
2. Ha i mjøl og ost og kna deigen godt.
3. Ha i smøret i bitar og kna nokre minutt til.
4. Hev til dobbel storleik.
5. Trill 16 rundstykke.
6. Hev ca 30 minutt.
7. Pensle gjerne med egg og strø på ost.
8. Steik ved 225 grader ca 15 minutt.

Server rundstykka til supper, ostefat eller med smør og skinke til dømes.


Det går sjølvsagt an å ha grovt mjøl i deigen ...

søndag 29. januar 2012

Tunika i Alfa

Med tjukt garn på pinnar nimmer sju gjekk det raskt å strikke denne tunikaen.  På jobb kan eg ha den på meg når det er kaldt og eg ikkje er på skulekjøkenet. 

lørdag 28. januar 2012

Feiring i etterkant

 Førre helg var 18-åringen i Sogndal og spelte fotball, så vi utsette feiringa til i dag.  Seks av søskenbarna var samla.  Jentene stiller som vanleg opp til fotografering.
 I det heile vart det ei feiring etter gamal oppskrift.  Eg tok nytt bilde av bordet.  Mor mi kom med to nydelege krysantemar.  Så fekk eg kasta julestjernene.
På menyen stod det kjøtsuppe.  Eg hadde kokt kraft på to lammelår som eg hadde salta lett før eg fraus dei.  I krafta kokte eg og to biffstykke på 600-700 g i tillegg til løk, sellerirot, heil pepar og salt.  I dag laga eg kjøtbollar av 3 pakkar kjøtdeig. Med poteter, gulrøter, rabbe, purreløk og brokkoli, vart dette ei nydeleg suppe - om eg skal seie det sjølv.
Etter ei såpass lett suppe, smakar det godt med dessertar.  Karamellpudding  er obligatorisk. Elles så fann eg ut at eg kunne lage runde marengsbotnar og ha i det nye skålfatet.  Marengsen laga eg av 3 eggekvitar og 2 1/2 dl sukker.  Det piska eg i Kenwooden til massen var stiv.  Eg steikte den på 160 grader.  Det skulle vere ein time.  Mine vart litt godt steikte denne gongen, så sukkeret smakte litt karamell.
Fasongen ordnar ein i fatet.  Elles la eg lagvis marengs, frosne bær, vaniljekrem og krem.
Mor mi hadde med kaker til kaffien.  Eg ordna berre med eit ostefat og varma litt gjærbakst.

fredag 27. januar 2012

Bok 6: Victoria

Inspirasjonen til å lese Victoria kom frå to kantar.  Det er fjerde året på rad eg har undervist i norsk i tiande klasse.  Kvart år har vi lese utdrag frå denne romanen.  Victoria er eit godt døme frå nyromantikken.  I år spurde ein elev: Korleis gjekk det med dei?  Fekk dei kvarandre? " Mitt svar vart berre "Det kan eg aldri tru!". Måndag skal dei få eit kort samandrag.  Eg kunne sjølvsagt ha funne svaret på nett.

Den andre inspirasjonen kom frå Øystein si klassikarliste.  Eg må innrømme at eg har lese berre ei bok av mange av forfattarane dei andre set på sine lister.  Det er visst berre lov å ta med ei frå kvar forfattar. Av Hamsun har eg lese Pan, Sult , Markens grøde og no Victoria.  Markens grøde vert ståande.

Men les gjerne denne perla av ein roman.  Den må sjølvsagt lesast ut i frå den tida den er skriven.  Men her er vakre skildringar både av natur og kjærleik.  Lydboka vert lesen av ein nordlending der tonefallet røpar han akkurat passeleg.  Så lytt gjerne til lydboka!

torsdag 26. januar 2012

Tupperwaretrøbbel?

 På 80- og 90-talet investerte eg i ein haug med tupperware.  Nokre av produkta er i dagleg bruk.  For eit par år sidan sprakk brødboksen, så eg kjøpte meg ein ny.
 Sist eg vaska mjølboksen min, greidde eg å øydelegge litt av den blanke plasten.  Så kvar gong eg let opp boksen, dett loket bakover.

Sjekk forresten 2 1/2 dl-målet.  For kvar dl væske ein bruker i ein gjærdeig, går det med 2 1/2 dl mjøl.

Ein kollega fortalde meg at ho skulle i Tupperwareparty.  Eg var snar å legge inn ei bestilling via henne, så slepp eg å fare sjølv.
Det var nokon som ymta frampå om at ein kan kjøpe delar.  Dessutan er der livstidsgaranti.  Eg synest at så mykje som eg bakar, så kan eg unne meg ein ny mjølboks annakvart tiår!  Berre sjekk slitasjen!

onsdag 25. januar 2012

Ei utfordring!

Øystein har starta ei utfordring på bloggen sin som han kallar DEAD NOVELISTS der han har utfordra folk til å kome med dei 10 beste (gamle) norske romanane.

Eg skal prøve å begynne på ei slik liste.  Men eg ser at eg har nokre klassikarar til gode.  Og så begynner eg å lure på om eg eigentleg likte Garborg. Ikkje var eg så glad i Vesaas heller.  Kanskje eg må ta dei fram att slik eg gjorde i fjor med Undset og Hamsun?

1. Knut Hamsun: Markens grøde (1917)
2. Sigrid Undset: Trilogien om Kristin Lavransdatter. (1920-22)


framhald følgjer ...


Tek de utfordringa?


Bok 5: Hendelsenes hus

Denne romanen er skriven av John Boyne, som også mellom anna har skrive Gutten med den stripete pysjamasen.  Det er ei barnebok som eg har likt godt.  Vi har både lese boka og sett filmen på ungdomsskulen.

Hendelsens hus, med ein mykje meir dekkande originaltittel  The house of special purpose, er ikkje merka som barne- eller ungdomsbok.  Men eg var lenge i tvil.

Romanen er av typen "gamal mann ser attende på livet".  Hovedpersonen går i mellom då ein venn av han skyt mot fetteren til tsaren.  Belønninga vert ei stilling som livvakt ved hoffet.  Når eg røpar at han forselskar seg i Anastasia, så forstår vel dei fleste som har levd ei stund, kva som i grove trekk skjer vidare.

Sjølv om handlinga er føreseieleg, så er ikkje romanen kjedeleg. Det er ei lettlesen bok som høver godt for den yngre garde, vil eg tru.

Tittelen The house of special purpose var det dei kalla huset der Romanovamilien levde etter at tsaren var avsett.

tirsdag 24. januar 2012

Sjokoladerullekake med banankrem

I dag har eg skrive ny oppskrift med ein enklare, eller i alle fall ryddigare, framgangsmåte på rullekaka i gamleboka.  Denne kaka er rask og enkel å lage, og ho høver godt i små familiar.

3 egg
1 dl sukker


1 dl kveitemjøl
3 ms kakao
1 ts vaniljesukker
¼ ts bakepulver

  1. Set omnen på 250 grader.
  2. Pisk stiv eggedosis av egg og sukker.
  3. Sikt på det tørre og vend det forsiktig inn med slikkepott.
  4. Slå røra i ei (teflon)bakepapirkledd  langpanne.  Stryk røra jamt utover.  Pass på at hjørna ikkje vert for tynne.
  5. Steik kaka i ca. 5 minutt midt i omnen.
  6.  Strø eit (teflon)bakepapir med 1-2 ms sukker. Legg kaka opp ned på dette bakepapiret slik at ho ligg mellom to papir og kolnar.
  7.  Lag fyllet.

Fyll:
2 dl kremfløyte, stivpiska
1 banan, mosa

1.   Bland stivpiska kremfløyte med mosa banan og fordel banankremen jamt på kaka. 
2.   Rull kaka saman og legg ho på eit serveringsfat med skøyten ned.

mandag 23. januar 2012

Solveigs språkspalte

Dette får bli eit innlegg i serien "Kvar er korrekturlesaren?".

Eg er ikkje ute etter å henge ut ein journalist eller ei bestemt avis, men her må det vel ha kome ein raud strek under ordet!  Føreslåing er ikkje noko ord i mi ordliste.  Det er derimot forslag og framlegg.  Eg håper at det er fleire enn eg som reagerer på elendig rettskriving og språk!

søndag 22. januar 2012

Moussaka

 Komande veke skal vi lage moussaka (ein heller norsk variant) på skulekjøkenet. Veka etter skal dei lage sjølvvalde kjøtdeigrettar.

Det er eit par år sidan sist vi laga denne retten, så eg tenkte det kunne vere greitt å lage den heime, så veit eg kva eg skal legge vekt på når eg går gjennom oppskrifta.

Sidan eg først var i sving, firedobla eg oppskrifta.  Litt meir kjøtdeig vart det.  Eg legg aldri halve kjøtdeigar attende i kjøleskapet heime.  Litt meir ost vart det og, for eg hadde ein pakke "revet" som eg ville bli kvitt.

Som de ser, vart det så vidt plass i gryta mi - som er den største "forma" eg har.  Vi har nok mat i morgon og.
Slik ser oppskrifta ut for niandeklassingane.  Dei må vere ganske flinke å lese oppskrifter for å få til dette!

lørdag 21. januar 2012

Kveldsmat

 I dag vert vi nokre ekstra til kveldsmat. Eg har kosa meg med å dekke eit uformelt bord.
Desse serviettane fann eg i samlinga mi.  Eg har sikkert kjøpt dei ei tilbodskorg og tenkt at dei passar til stetteglasa.
Desse lysbøttene fann eg og i ei skuffe.  Maten skal eg sette på benken.  Det tova gryteunderlaget er til tekanna.

No skal eg trille ut nokre rundstykke.  Blogglesarane må ha ein fin laurdagskveld!

fredag 20. januar 2012

Melk eller mjølk?

Etter at julenissane forsvann frå mjølkekartongane, dukka det opp heilt ny og flott dekor på Tine sine mjølkekartongar.  Flott for meg vart det heilt til eg kunne lese om gårder fra Stryn og andre gardar på Vestlandet - på bokmål.

Etter nokre dagar vart det sak i avisene.  Tine skuldar på bergensarane, som bruker bokmål. Får dei ikkje berre finne seg i at mjølka kjem frå bygdene på Vestlandet der ein stort sett nyttar nynorsk?

For bokmålsfolk kan dette verke som ei fillesak, men eg meiner det er synd om bygdeborn lærer ord og uttrykk som erstattar dialekten deira.  Eg har lagt merke til at mange her seier låve i staden for løe.  Born seier også gård i staden for gard.  Slik vert det når ein lærer bygdekultur frå TV - og mjølkekartongane.

For ordens skuld: I mi dialekt heiter det mjelk, ikkje mjølk.  Men eg vil tippe at dei fleste unge seier melk.  I oppskrifter vil nok nokre rote saman mjøl og  mjølk. Det skal ikkje vere lett!

Heilt svart er det ikkje.  Skummamjølka er nynorsk.  Så i dag plukka eg med meg nokre lysrosa kartongar.

torsdag 19. januar 2012

Korleis koke ris?

 På skulekjøkenet kjøper eg sekker på fire kilo med ris.  Eg synest elevane kan lære seg å koke ris og poteter utan oppskrift.  Ris i små porsjonar koker ein enkelt med å koke opp dobbelt så mykje vatn som ris, ha i ris og litt salt.  Risen får koke på svak varme i 15 minutt før ein slår av plata.  Då held risen seg fin til resten av maten er ferdig.

Ein elev la inn protest. Det er mykje betre å koke ris i posar!
Slike posar med ris får ein attpå ein pose ferdiggrilla kyllinglår på Coop Prix denne månaden.  Tilbodet datt ned i korga ein dag eg tenkte at dette kunne vere noko for dei yngre kokkane i familien.

Eg veit ikkje kva blogglesarane synest, men eg synest desse posane er noko "dillete".  Dei må renne av seg, og så må dei klippast over, for så å ha risen i noko anna. Risen er grei nok, men restane eignar seg truleg ikkje til graut?  Eg kokte tre posar, men eg trur nok at to hadde vore nok.  Eg kokte nemleg også blomkål attåt.


Trekketida til denne poserisen er 15-16 minutt.  Viss du tek med den tida det tek å koke opp ekstra vatn, går nok vinninga opp i spinninga når det gjeld tidsbruk.

Med byggris er det litt annleis.  Der slepp ein å legge byggkorna i blaut over natta, og trekketida er mykje kortare enn koketida.

onsdag 18. januar 2012

Myndig mann!

For 18 år sidan kom Håkon til verda som yngst av tre brør.  Han var størst som baby, og no har minstemann blitt høgst.  
 På mange av barndomsbilda er systera med.  Eg fann ikkje det første bildet av dei to saman - det vi kallar "ho liknar no litt på ein bror".  Då den første skuffelsen hadde lagt seg, vart han svært glad i henne.
 Dette er litt av produksjonen frå jula rett før han vart fire.  Den tida det var film, vart det ikkje fotografert så mykje som no.  Eit godt råd til alle småbarnsforeldre: Ta bilde av alle barneteikningane!
 Eit par juler seinare.
Og her er den viktigaste juleaktiviteten etter at han begynte på ungdomsskulen.

I dag er vi opptatt i alle retningar.  Håkon fekk bestemme middagen.  Det vart pølsegryte.  Desserten var ei iskake frå jul og bærdessert.  Det vert nok meir feiring med slekta seinare.

Kva er det beste med å bli 18? For foreldra er det vel at ein slepp å møte i banken.  Vi har kanskje vore på vårt siste foreldremøte for han?  Kontaktmøte er det vel frivilleg om ein vil ha med foreldra etter ein er 18, men eg meiner eg har vore med i 2. klassa.  Elles så er vel overgangen til vaksenverda ganske gradvis for ungdomar i dag.

Førarkort vart det ikkje i dag.  Der var det ei lita venteliste.


Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...