fredag 17. mai 2013

17. mai 2013

Nokre glimt frå dagen:
 Eg har ein fast plass eg står og fotograferer.
 Ein nydeleg dag gjorde nok at toget vart ekstra langt.  Her startar eit felles tog 12.15
 Eg kan ikkje hugse at korpset har stilt utan jakker før.  Det har helst vore spørsmål om hanskar og regnkapper.

Frå sentrum.
 Årets snakkis er russebussen Skippern.
Etter toget drakk vi kaffi og åt kaker på bedehuset.
Foreldra mine kom på lunsj.  Vi for i lag på folkefesten der Øystein hadde eit oppdrag i høve språkåret.  

Og det aller beste med årets 17.mai er kanskje alle fridagane i etterkant ...

torsdag 16. mai 2013

16. mai 2013

Russen er heldige med veret i år.  No er husets russ innom ein times tid etter Høddkamp og før vidare feiring.

Sjølv har eg berre att å stryke eit par bunadsskjorter.  Førre søndag tok eg tida på dette mykje omtalte arbeidet. Eg brukte 20 minutt på ei skjorte.  For å ta best muleg vare på skjortene stryk eg dei kvelden før bruk og legg dei i Blendavatn kvelden etter bruk.

Då vil eg ønskje alle blogglesarane ein god 17-mai!

onsdag 15. mai 2013

Oppdal frå Retromasker av Tine Solheim

Då kan eg endeleg vise fram det ferdige produktet!  Vesten, som det står i boka, er strikka i Hverdags.  Garnet er litt tynnare enn det i oppskrifta, så eg strikka største storleik.

Garnet kjøpte eg faktisk i sommar då det var 20% avslag.  Då heldt eg på med ein rosa frå same boka.  Monteringsarbeidet gjorde at det tok si tid før eg fekk lyst å strikke denne.  Når den først er ferdig, er det verdt alt "strevet". Som de veit, er eg litt pirkete når det gjeld handarbeid. Venstre stolpen vart fin, men på høgre måtte eg fram med heklekroken - og stoppenål igjen.

No seier eg meg godt nøgd med resultatet!  Det er eit plagg som kan brukast omtrent heile året i vårt klima ...


tirsdag 14. mai 2013

Bok 22: Katalysatormordet

Frå coveret:
Det er onsdag 5. august 1970, og førstebetjent Kolbjørn "K2" Kristiansen er på vei hjem etter et rutineoppdrag på Smestad, da han blir vitne til en ung kvinne som i vill panikk løper etter trikken uten å nå den. En time senere finner han kvinnen skutt og drept, liggende i trikkesporet. Det viser seg raskt at kvinnen tilhørte en gruppe unge sosialister. Og hun var forlovet med gruppens karismatiske leder, som på dagen to år tidligere forsvant på uforklarlig vis under en hyttetur i Valdres. Kristiansen må igjen søke hjelp hos sin uformelle rådgiver, funksjonshemmede unge Patricia Louise Borchmann, for å komme på sporet av sannheten om både mordet og forsvinningssaken. Og slik innledes en intens etterforskning som bringer Kristiansen i nærkontakt med unge sosialister så vel som med gamle nazister - og dessuten i intern konfrontasjon med overvåkingspolitiet. Stadig mer kan tyde på at noen der ute planlegger en større aksjon rettet mot det politiske Norge. Presset på etterforskningen øker dag for dag og time for time, helt til Patricia i aller siste øyeblikk ser sammenhengen. Katalysatormordet er oppfølgeren til Menneskefluene og Satellittmenneskene, historikeren Hans Olav Lahlums kritikerroste og bestselgende krimromaner om K2 og Patricia. I denne tredje romanen følger vi seriens etterforskerduo inn i et nytt tiår - og ut i et mer åpent og thrilleraktig landskap. Leseren opplever denne gangen en ny spenning mellom K2 og Patricia, utløst av K2s voksende fascinasjon for en annen bemerkelsesverdig ung kvinne.

Tittelen på romanen viser til at det første mordet vert katalysator for fleire drap og hendingar.

Romanen er interessant både fordi mordgåta vert opprulla på ein spennande og logisk måte.  Sjølve tida, 70-talet, som eg sjølv har minne frå, er interessant i seg sjølv.  Lahlum vil nok lære lesaren noko om dei politiske tilhøva.  Omskrivinga av namna til kjende politikarar er gjort svært enkelt, men det fungerer.

Også spenninga mellom K2 og den hemmelege hjelparen Patricia er også med på å bere romanen framover.

Dette er romanen for dei som liker Agatha Christie og Lewis.  Om ein ikkje har lese Menneskefluene og Satelittmenneskene, så bør ein gjere det før ein gjev seg i kast med denne.

mandag 13. mai 2013

Dagen derpå

I dag har det vore dagen derpå for konfirmantane.  Dei får fri for å fare på bytur. Eg fekk meg ei ledig stund på jobb til å drive planlegging.  Det kom godt med.

No har vi vore i etterpålag med mat og prat.  Det er ikkje så ofte ein treff naboane i vinterhalvåret.

Elles nådde eg handarbeidsmålet mitt i helga.  Den korterma jakka er ferdig. Bilde får kome ein annan dag. Eg har også begynt på vottane.  Det vert saktestrikking til pratyeprogram på TV.  Skal eg sjå film, kan eg ikkje sitte å sjå ned i mønster og maskar. Sidan der var to nøster i kvar farge, og eg har rikeleg med strikkepinnar, driv eg paralellstrikking.  Då vert vottane like stramt strikka, har eg funne ut.  Strikkefastheita bør vere lik på begge.


søndag 12. mai 2013

12. mai

 I dag vakna vi ganske overraskande til nydeleg sol.  Naturen har vakna her.  I går såg eg at bjørka hadde sprotte, så då var eg snar å klippe rosene.  Eit par av dei såg dessverre noko halvdaude ut.
 Utover dagen skya det over.  Men det er relativt mildt.
 På kontoret til mannen fann eg ei krukke eg sette vekk i haust.  No har eg gløymt kva plante det er!  Eg har ei kjensle av at det er ein potteplante eg har fått i gåve?  Kanskje eg må til å leite på bloggen?
Blogglesarane trur kanskje at eg ikkje lagar mat for tida?  Det er sjølvsagt feil!  I dag leverte eg frå meg to karamellpuddingar og ei skål krem til ein konfirmasjon. Til familien gjorde eg det enkelt.  Dei fekk wok med byggryn og focaccia.  Til dessert var det jordbærgele, med jordbær i sjølvsagt, og vaniljesaus.  Elles laga eg to marengsbotnar og steikte på 100 grader i varmluft ein time.  Botnane står seg, så dette vart gjort som eit eksperiment.  Eg kan ikkje sjå nokon skilnad, men eg må ta det atterhaldet at eg ikkje har smakt dei.

lørdag 11. mai 2013

Bok 21: En annen tid, et annet liv

Frå coveret:
En annen tid, et annet liv ble kåret til årets beste kriminalroman av Svenska Deckarakademin!" Leif GW Perssons bøker er både geniale og unike." Håkan Nesser. Det er kaos i Stockholm sentrum. En lovlig demonstrasjon har kommet ut av kontroll, og stein og tåregass fyller luften. Kort sagt, politiet har hendene fulle. Kl 20.05 kommer et anrop på politiets alarmsentral: " ... dere må komme med en gang ... noen er i ferd med å drepe naboen min!" To ganger til ringer det før politiet går til aksjon. Da uttrykningsbilen når frem til adressen i Östermalm, er det for sent. Kjell Göran Eriksson ligger død i en blodpøl. Hvem var denne Eriksson? Offentlig ansatt, alltid korrekt, reservert, stille, anonym, sier naboen. Han var et ondt menneske, en drittsekk tvers igjennom, hevder en kollega. Hva er sannheten? Hva er nøkkelen til gåten Eriksson? Den er kanskje gjemt i en annen tid, et annet liv...

Frå Wikipedia:

Romaner 

De tre bøkene Mellan sommarens längtan och vinterns köld, En annan tid, ett annat liv og Faller fritt som i en dröm inngår i en trilogi om mordet på en svensk statsminister.

Eg slit framleis med å bli heilt klok på denne forfattaren.  Romanen er prisløna. Som i første romanen sleit eg litt med å halde alle namna frå kvarandre.  Etter kvart går det greitt.  Krimromanen passar kanskje  best for dei som er politisk interesserte?  Samtidig må ein lese litt mellom linjene.

Oppklaringa er noko spesiell, og den stiller spørsmål om skuld og straff. Eg oppfattar den også som eit skikkeleg sleivspark til svensk politi - og til enkelte typar politifolk.

Språket er godt og spesielt.  Vi får vite kva ein person seier først, etterpå kva personen tenkjer. Eg kjem nok til å lese den siste i trilogien også, men kanskje ikkje med ein gong.

fredag 10. mai 2013

Stevia

Eg har vore litt nysgjerrig på dette søtstoffet stevia, men gjerrig nok til ikkje å kjøpe det.  Men når Lerum går ut med at dei skal lage saft og sylte utan kunstige søtstoff, då må eg prøve.

I sommar kjøpte eg "Safting og sylting heile året" og laga mange av syltetøya der i tillegg til eigne variantar..  Eg har faktisk hatt heimelaga sylte til no.  Heilt tomt er det heller ikkje.  Men det hender no det dett eit eller to sylteglas ned i handlekorga.  Favoritten er kanskje Nora sitt "Narurlig lett".

Kan Lerum konkurrere? Først les eg på glasa.  Begge inneheld omtrent 45 % bær.  I Lerum sitt er det vanleg sukker (22%) i tillegg til Stevia.  Lista av tilsetningsstoff er lang på begge glasa. Nora sitt har friskast farge.  Konsistensen er omtrent den same.  Dei to glasa kostar omtrent det same, 28 kroner, men storleiken er ulik som de ser.  Etter mi meining smakar Nora sitt syltetøy friskast og best.

Neste gong eg lagar vaflar, skal eg ta opp ein pakke jordbær frå frysaren , drysse litt sukker eller melis på og ete halvtina. Det kan konkurrere både i pris (17,50 for 500 g i dag), og ikkje minst smak.  Og med at med eit bærinnhald på 80-90 % vil dette og bli eit langt sunnare syltetøy.


torsdag 9. mai 2013

Helgetorsdag

 Det er ikkje berre dei tobeinte som set pris på det milde veret.
Kaninane har lengta ut.

 Og så er det nokre med endå fleire føter som dukkar opp.  Sjølv har eg ikkje edderkoppangst.  Denne kverka eg og skylde i do.
 I dag vert det spelt fotball heile dagen.  Eg har halde meg heime.  Middagen vart heller enkel.  I tillegg til pizza laga eg ei brokkolisuppe med frisk timian til.  Urtekryddera eg kjøpte på Mester Grønn verkar meir robuste enn dei ein kjøper på matbutikkane.  Dei første er vel meinte å skulle vare heile sesongen.
Dette arbeidet har legt litt på vent.  Eg tok litt hardt i med hagearbeid laurdag. Høgrearmen likte ikkje at eg bar bøtter med kompostmold.  Så eg har lagt all strikking til side. Men i dag har eg sydde eg dei første stinga for å få på plass eine stolpen.  Når ein først veit kvar ein skal stikke, går det greitt.  Eg må strikke og sy på denne før eg planlegg knappehola på den andre.  Til slutt kan eg strikke halskragen.  Det hadde vore kjekt å vorte ferdig til over helga.


onsdag 8. mai 2013

8. mai

 I dag har vi hatt ein varm og fin dag her.  Og no grønkar liene og hagane!

Det er ikkje berre ute det har kome seint i gang.  Eg sådde nokre skvåsjfrø som spira heller seint, synest eg. Men det plar bli nok svåsj når den tid kjem.
 Det er noko med desse vekstane der ein ser skilnad frå dag til dag.  Rabarbraen må skunde seg no!
Elles har eg vore så heldig å få vere med 8B på bedriftsbesøk i dag.  Dei fleste bedriftene i bygda tek imot skuleklasser.  Det er interessant og svært viktig for motivasjon for utdanning. For dei er det viktig å rekruttere, vil eg tru.  Sjølv kan eg ikkje hugse å ha vore inne på Grepa i Ørsta til dømes.  Der far min jobba, fekk eg sjå meg rundt, så eg har vore inne på konfeksjons- og møbelfabrikkar.  Og vi var inne i eit kraftverk.

Ungdomar som skal velje yrke, må vite mest muleg om kva valmulegheiter dei har - og det er ikkje få!  I dag vart det og sagt at det dei skal jobbe med, er kanskje ikkje oppfunne.

tirsdag 7. mai 2013

Opptur

 Turarrangørane hadde diskutert ulike alternativ heilt fram til i dag tidleg.  Dei gjekk for plan B.  På grunn av snø på den oppsette ruta nedover mot Overå, gjekk vi opp og ned same ruta.
 Kven skulle trudd vi fekk så fint ver?  I går kvel hølja det, men meldingane var fine.
 Det vart ein fin dag for lærarar og elevar.  Det vart topptur på alle.  Meistring gjer meister er det nye slagordet i skulen.  Om det er litt tungt undervegs, så er det berre så herleg å kome på toppen.
Her ser vi heimover.  Og så var der akkurat nok snø til ein liten snøballkrig.

Ein topp dag på jobb!

mandag 6. mai 2013

Bytur

Ærendet i byen i dag var som vanleg å levere inn bøker på biblioteket.  Frøkna mangla også passar til ein komande tentamen.  Det vart til at eg kjøpte to ulike.  Det skal ikkje stå på utstyret.

På Mester Grønn hadde dei amplar til 100 kr.  Det vart freistande å ta med eit par heim.  I fjor hadde eg sterke fargar i pottene.  I år vurderer eg litt bleikare fargar.  Det er greitt å variere.  Eitt år gjekk alt i kvitt, blått og oransje.  Blomster er fint uansett, men det bør kanskje vere ein ide bak fargeval?

søndag 5. mai 2013

5. mai

 På facebook kan det sjå ut som folk har begynt å gå i fjellet.  Eg gjekk den tradisjonelle turen rundt vatnet.  No har dei rydda vekk ein del buskar og greiner.  Det gjer at vi ser elva. Men særleg grønt er det ikkje enno.
 Eit vårteikn som har kome på estlandet er desse hestehovane som vi las om før i tida.  Først i seinare år har eg opplevd å sjå dei.
 Det er berre to dagar til vi skal på Opptur.  Vi håper det blir ein topptur og ein topp tur.
Frøkna var i konfirmasjon i dag. Journalisten hadde vakt, men kom innom til middag.


Pavlova - steg for steg

Eg har fått høyre at "alle" lagar Pavlova på Hareid for tida.  Så spørs det om det er niandeklassingane som har spreidd bakeglede, eller om oppskrifta til farsdag i Vikebladet fekk folk i sving? No er det igjen tid for kaker.   Marengsbotnen kan stå seg i fleire veker, men kaka må pyntast same dag som du skal servere henne. Med ferdiglaga vaniljekrem går det på eit blunk.  Vil du lage heimelaga vaniljekrem, finn du link til det.  Niandeklassingane brukte handmiksar, så om du ikkje har stor kjøkenmaskin, så kan du likevel lage marengsbotn.


Dessertkaka er populær og enkel å lage.  Du kan forme marengsbotnen i den fasongen du vil.  Til pynt vel du søt frukt og bær etter ønske.  Pyntinga kan gjerast i fint mønster som til venstre eller hulter til bulter som til høgre.  Smaken vert den same.

Marengsbotn (ca 28 cm):
3 eggekvitar
1 ½ dl sukker
½ ts potetmjøl (kan sløyfast)
1 ts vaniljesukker

  Set steikeomnen på 140 grader.
 Pisk eggekvitane stive før du set til sukkeret og piskar vidare til marengsmassen er stiv.
(Eggeplommene kan du oppbevare i eit lite glas i kjøleskåpet nokre dagar, til dømes til neste gong du lagar vaflar eller pannekaker. Eg kan og anbefale heimelaga vedunderleg vaniljekrem.)

 Bruk slikkepott og rør inn potetmjøl og vaniljesukker.



 Form kaka på ei bakepapirkledd omnsplate.  Eg forma botnen min på frihand, men du kan gjerne teikne form på bakepapiret.
Steik marengsenbotnen til han vert sprø, ca. 1 time.  Avkjøl.
Pynt og fyll:
1 pk vaniljekrem
1 pk kremfløyte   
frukt og bær                                                                                                                                                   
Dekk marengsbotnen med eit lag vaniljekrem.
Pisk kremfløyten stiv, og dekk kaka med kremen.

 Pynt kaka.
Frukt i mønster ...
eller hulter til bulter.  Smaken er den same.

lørdag 4. mai 2013

Bok 20: Døden to ganger

I dag har eg lese siste halvdelen av denne krimromanen medan eg har vaska og jobba i hagen.  Så fekk eg sagt det.

Døden to ganger er den femte i rekka med etterforskar Archie Sheridan og seriemordaren Gretchen Lowell. Bøkene bygger på kvarandre, så her meiner eg ein må starte med den første.

Gretchen er innesperra på eit psykiatrisk sjukehus.  Likevel har ho kjennskap til mord som skjer. Koeleis kan dette henge saman.

Romanen er spennande frå byrjing til slutt.  Det er ingen krim for pyser. Ein må tole å lese ganske detaljert om tortur og vald.  Dette vert nok ikkje siste romanen i serien.


  • Ondskapens hjerte (Heartsick, 2007)
  • Hjerterdame (Sweetheart, 2008)
  • Hjerterått (Evil At Heart, 2009)
  • Mørketid (The Night Season, 2011)
  • Døden to ganger (Kill You Twice, 2012)
  • fredag 3. mai 2013

    Helg igjen

     Det eg liker best med Mai er at det er så mange helger!  Vi kan sjå fram mot helg, ei kort veke og ei lang helg igjen!

    Veret er det verre med for tida.  I dag var det rett og slett ikkje muleg å sjå Melshorrnet, og det snøa.  Heldigvis smeltar snøen etter kvart.  Over helga er det meldt varmt ver og sol.  Så vi kan gle oss til oppturen!
     Elles har eg sikra meg eir lesestoff.  Slike MP3-plater høver best når ein kan lese lenge om gongen.  Laurdagane er vel den beste lydboklesedagen for meg med rikeleg med praktisk arbeid.
    No er det tid for kveldsmat.  I det siste har eg eksperimentert mykje med surdeig.  Eg laga ein lys rett og slett med å starte med litt av den vanlege som er laga på finmalen sammalen rug.  Eg matar surdeigen kveld og morgon, og så bakar eg når eg kjem heim frå jobb.  Brøda vert ikkje sure når ein matar surdeigen ofte, har eg funne ut. No kviler begge surdeigane i kjøleskåpet.  Eg tek dei fram når det høver.

    Då står det att å ønskje blogglesarane ei god helg!

    torsdag 2. mai 2013

    Bok 19:Der hvor roser aldri dør

    Det skjer eit ran i ein gullsmedbutikk der ein tilfeldig forbipasserande vert skoten i etterkant. For snart 25 år sidan forsvinn Mette.  No vil mor hennar gjere eit siste forsøk på å finne ut kva som skjedde før det vert for seint til å straffe den skuldige.

    Romanen følgjer den vanlege oppskrifta på krim.  Hendingar i fortid og framtid heng saman.  Varg Veum løyser ei sak for politiet samtidig som han løyser den gamle gåta.

    Eg liker den konsentrerte hendinga og komplottet.  Etter mi meining er Gunnar Staalesen ein meister i person- og miljøskildringar.  Til og med kaffien han får servert rundt om kring, får sitt pass påskrive.  Eg kosar meg med språket.

    Viss det finst blogglesarar som er skeptiske til lydbøker, begynn med Staalesen.  Lass Lindtner hevar bøkene eit nivå.  Han meistrar ulike dialektar anten det er Bergensdialekt eller Nordlandsdialekt.  Også den typiske rusa sin måte å snakke på tolkar han framifrå.

    onsdag 1. mai 2013

    1. mai

     Det tok litt tid før eg kom meg ut i hagen for å dokumentere våren slik eg hadde planlagt.
     Rabarbraen ligg tre veker etter 2011.
    Påskeliljer frå i fjor.  I år har eg handla så mange på ulike kupp at det burde bli mange neste år.
    Og så tel vi ned: 6 dagar til opptur.
    Det eg liker minst med strikking, er maskinsyinga.  Men det må til.  Tine Solheim sine metodar er ikkje dei enklaste, men resultatet vert deretter.
    No skal eg strikke stolpar.  Ulempa med å strikke dei oppover er at dei ikkje strekker seg i høgda, om de forstår kva er meiner.  Ein må vere svært nøyaktig når ein syr dei på.  Fordelen er at ein strikkar belegg samtidig.  På den måten vert plagga fine på baksida, noko som sjølsagt er ein fordel om ein knappar dei opp.

    Garnet til den korterma jakka kjøpte eg i fjor sommar.  Etter at eg strikka den rosa, tok det tid før eg samla motivasjon til å gå på eit plagg med same type arbeid.

    Eg prøvde å legge ut ein snutt frå YouTube før i dag.  Det gjekk ikkje så bra.  Men sjekk gjerne her.  Vi har det godt i Noreg i dag, også takka vere den franske revolusjonen. Sjølv får eg denne på hjernen kvar gong eg høyrer den.  Om tre veker kjem DVD-en.
    Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...