torsdag 14. oktober 2021

Bok 49: Felemakaren

I romanen Felemakaren tar Edvard Hoem utgangspunkt i eit dystert familieminne som også er omtalti romanen Heimlandet barndom (1985): Ei ung tenestejente som skal ha barn med Pe, bror til Lars Olsen, som er hovudpersoni romanen, blir borte ein kveld, og bygda går manngard i ei veke utan å finne henne. Pe blir mistenkt for drapet,og så frifunnen av retten, men ikkje av folkesnakket og ikkje av Lars. Brørne snakkar ikkje til kvarandre påmeir enn femti år. Lars drøymer om å bli skipper på eiga skute, men krigen og samfunnstilstanden stenger alle utvegar forhan. Han blir utskriven til å vera med i slaget på Københavns Red i 1801, og sidan er han krigsfange påeit britisk fangeskip i fem år. Under dette miserable opphaldet møter han ein franskmann som lærer hanå bygge fiolinar. Dermed snur alt. Da han endeleg kjem heim igjen, slår han seg ned som felemakar i Kristiansund, der han lever eitlykkeleg liv i 25 år, med kona Gunnhild og sju døtrer. Felemakaren er romanen om korleis alt blir annleis enn tenkt, om ulykke og broderstrid, men der livetlikevel til slutt framstår som ei ufortent gåve. Felemakar Lars Olsen Hoem var fødd i Romsdal i 1782. Han var grandonkel til Serianna, som vart gift med Knut HansenNesje, slåttekaren i Hoems slektskrønike.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...