lørdag 23. juni 2018

Årets beste dag?

 Denne dagen då heile ferien ligg framfor oss, er min favorittdag i året.  Ein går inn for landing etter travle dagar på jobb.

Her i huset har dagen vorte lagt opp etter fotballkampane verkar det som.  Eg kokte rømmegraut til klokka to.  Så vart det fjernsynssjåing og strikking fram til yngstemann skulle vidare og besøke ein kompis for å sjå neste kamp.

Eg har hatt ein draum om å sjå Ålesund frå eit fjell ei jonsoknatt.  I kveld vart det berre ein gåtur frå Brandal til Kvitneset.

1 kommentar:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...