lørdag 7. mai 2016

Nye strikkeprosjekt

På denne tida av året passar det godt å strikke til andre enn seg sjølv! Då passar det godt at mange i familien har gebursdag! I fjor strikka egdt eg sjølv fann på til systera mi og niesa.  I år spurde eg dei. Eg hadde ikkje klare idear, og eg vil gjerne lage plagg som vert brukte.

Ho som vert 16, ønskjer seg ei sid jakke. Systera mi spurde kva eg hadde lyst å strikke. Vi landa på Bøvertun. Det er ei fin kifte, synest både ho og eg. 

Eg kjøpte Sandnes mini alpakka til den mørkeraude. Den begynte eg på med ein gong.  Til den grå bestilte eg Drops Lima. Ho har først gebursdag. Men eg tvilar på at dei vert ferdige i tide. Til det kom eg for seint i gang. Men eg stressar ikkje. Dei klarer seg nok utan i sommar. 

Som de ser, er begge kuftebøkene i bruk!

3 kommentarer:

  1. Så flotte kufter!Heldige dei som har ei syster og tante som er SÅ rask på pinnane :-)

    God helg!!

    SvarSlett
  2. To kjempefine kofter! Eg synest det er morosamt at du strikkar to på ein gong. Det er vel litt uvanleg for deg?

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, det er eigentleg ikkje noko for meg! Men eg kunne ikkje sitte å vente i fleire dagar på garn i posten ... Lima er litt stivt å strikke, så eg treng avveksling. det liknar på Peer Gynt på den måten. Alpakkagarnet glir mykje lettare på mine pinnar i alle fall ...

      Slett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...