søndag 6. mars 2016

Fastefarge?

I går vakna eg og hadde to problem.  For det første høyrde eg berre på eine øyret, lydbok altså.  Og så hadde klokka mi stoppa.  For meg var det siste største problemet, noko som sikkert seier sitt!

Dagen hadde eg lyst å bruke til vask og anna husarbeid. Viss eg først fer over Eidet, går det fort eit par timar.  Det ville vore for kjedeleg å berre oppsøke urmakaren.  Eg bestemte meg for å sjekke om eg kunne fått ordna det her i bygda! Først vaska eg golva i hovudetasjen og sette to brøddeigar. På Euronics fekk eg orna klokka på ein augneblink.  Nye øyreproppar hadde dei på medlemstilbod.

Men når eg først går nedover, må ein no stikke innom Nille og blomsterbutikken som har same inngang.  Der var alt gult!  Men kan ein begynne på påska to veker før?  Før jul har vi advent då vi kan kjøpe julestjerner og lækplantar i fleng.  Men kva med påaske.  No er det no ikkje akkurat faste å kjøpe seg verken det eine eller andre. Men eg kom til at eg måtte slå til på eit tilbod på gule krysantemer, og så fann eg denne primulaen.  Slik har eg ikkje sett før.  Eg kjøpte den med kortast stilk.  Den kosta under 50 kroner, og så kunne den plantast ut seinare.  Akkurat noko for meg.  No er eg spent på om plantane står til påske.  eg har trua.

4 kommentarer:

  1. Nydeleg primula.
    Eg må vedgå at dei vare ikkje lenge her med meg, veit ikkje om det er formykje, eller for lite vatn dei får..
    Elles ser eg du er effektiv og får frå hendå.
    Ha ei fin veke.

    SvarSlett
  2. Vakkert!

    Godt vanskar kan løysast.
    Ha fin veke :-)

    SvarSlett
  3. Eg plar ikkje vere heldig med primula inne, før hadde eg mange som levde vidare i hagen, men i seinare år har dei ikkje vore så villige. For øvrig så er vel fastefargen lilla-som i advent?

    SvarSlett
  4. Du har sikkert rett i at fasrefargen er lilla, så dei gule blomstrane er vel som raude julestjerner i advent!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...