mandag 1. juni 2015

Slalåm/Senje-kufte

Oppskrifta til denne kufta fann eg i Kofteboken.  Eg valde å bruke same fargane som der, men i garnet Tumi frå Rauma.  Det spørs om det vert eit nytt yndlingsgarn!  Det er ei blanding av 50%ull og 50% alpakka.  Det er ei tynnare utgåve av Mitu, men ikkje så tynt som Hverdags. Jakka er strikka på pinnar 3 1/2.

I dag  tidleg var det 8 plussgrader då eg kledde på meg.  Eg går framleis med ull på jobb, for å seie det sånn.  Måndagane har eg nokre såkalla fritimar der eg sit i ro og førebur meg til dagen og veka.  I dag trudde eg at eg skulle på møte frå 16.00-18.00.  Møtet vart utsett til neste måndag kl. 11.00-13.00.  Så no føler eg at eg har fått meg eit par timar lengre dag.  Om ein times tid skal eg i selskap til ei god venninne.  Så det er godt å ikkje ha brukt hovudet på møteverksemd på overtid.
Monteringsarbeidet er mykje enklare med rundfelling, synest eg.  Då slepp ein å sy i ermar, og ein treng ikkje feste tradane på bolen.  Kufta skulle eigentleg strikkast ovanfrå og ned.  Eg snudde heller boka opp-ned. Det er i alle fall mykje lettare å strikke ermane kvar for seg. Og dersom det skal vere lus på koftene, vert det "feil" i mine auge. Eg forstår argumentet med å kunne prøve plagget undervegs.  Men eg har nok plagg å måle på.

4 kommentarer:

  1. Hvor er din trøje/kofte blevet smuk :-).

    SvarSlett
  2. Kofta vart kjempefin. Lekre fargar, også til sommarbruk.

    SvarSlett
  3. Kjempefin kofte. Du har så mange fine strikkaplagg.
    Og, ull må ein ha på heile tida, skal tru kva tid ein kan gi dei plagga ferie...
    I dag skal eg iallfall ha dobbelt sett, minst, når eg skal
    på cupckamp på Høddvoll.

    SvarSlett
  4. Ja, i dag fekk dei streng beskjed om å ha på seg heimestrikk!
    Eg gjekk utan ull på jobb, men sakna ei jakke ei roleg stund.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...