søndag 15. juni 2014

Siste innspurt

Vi driv og arbeider oss gjennom studenten sine yndlingsrettar, noko resten av gjengen ikkje har noko imot.  I går vart det pannekaker og i dag kjøtkaker.

Til dessert i dag laga eg rabarbrakake i langpanne.  Denne kaka har eg laga fleire år på rad. Oppskrifta finn de her. Eg plukka ikkje 14 stilkar i dag, men det vart 1900 g rabarbra, noko som gjorde kaka endå betre!  Eg strødde ekstra sukker på toppen. Steiketida vart utvida litt: Eg sette steiktemperaturen ned til 150 grader og steikte kaka omlag 20 minutt ekstra for å vere heilt sikker på at ho ikkje vart rå inni.  Det vart ho ikkje. Det spørs om ein berre kunne kutte ut vatnet når ein har så mykje rabarbra i?

Elles går det i retting og karaktersetting.  Eg er nesten ferdig for i år.  Mannen sensurerer og er ferdig med ein bunke på nesten 200 norskeksamenar. Det skal bli godt med ferie!

2 kommentarer:

  1. Såg herleg ut!
    Er berre at i år har nesten heile rota til Rabarbren visna.
    Så trur der er berre 3-4 stilkar.
    sånn kan det gå.
    Men kjøpe på Prix vert ikkje gjort ;-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg såg dei hadde til 36 kr kiloen. Sjølvsagt kan ein kjøpe, men det skal liksom vere gratis ...

      Slett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...