fredag 6. juni 2014

Gratulerer Olaug 17 år!


I dag kan vi gratulere Olaug med dagen!  Broren kom bortom med gåve.  Elles vert det ikkje noko feiring med slekta før vi feirar alle sommarborna. Ho har invitert venninner til i morgon kveld.

Vi har varmt, litt overskya sommarver her. Eg ønskjer meg litt regn til hagen.

Sidan Olaug var ganske lita, har vi tatt bilde av henne og rododendroen.  Dei som vil klikke seg attende finn nokre av dei her, ikkje alle med busken :2013 2012 2011 2010 2008

Her er det første eg har funne med rododendron på.  Ho er tre år, og det er tydeleg kva som er gåva!

2 kommentarer:

  1. Gratulere med dagen ! Ho er flink til å skrive, det ligg nok i genane.
    Fin rhododendron, lekker farge, gul i leten ?
    God pinse !

    SvarSlett
  2. Og genseren ho har på seg er frå "hønsestrikk"-perioden min. Denne var i bomull.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...