søndag 22. juni 2014

22. juni

 I dag kan vi gratulere Øystein med dagen! Feiringa har vore nokså enkel, berre med middag og dessert. No har også han fått seg nettbrett.  Eg tippar han kjem til å lese fleire avisartiklar frå dei store avisene på brettet. Mitt vert i alle fall flittig brukt.
Veret er ikkje det beste her, men eg kom meg rundt vatnet utan å bli altfor våt.  Eg har funne ut at desse timeslange turane har god effekt. Eg rekk dessutan akkurat å høyre ein bok-CD.

I morgon er siste arbeidsdagen før ferien.  Vi satsar på å kjøpe oss rømmegraut etterpå.  Det verkar som det har vore svenske tilstandar rundt om, med bålbrenning og jonsokfeiring på forskot.

5 kommentarer:

  1. Her vart det biltur til Panoramavegen i Nordfjord ilag med syster og svoger. Middag på Eid og dessert på kvilehytta. mao lite trim,....
    Tenk å få lage graut med automatisk røring. Det blir vel heimelaga rjømegraut då i morgå ?
    God feiring !

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg trur det vert til at vi støttar eit godt formål og er sosiale i morgon. Hadde eg ikkje gløymt meg mellom spekematen og rømmehylla i går, hadde det vorte rømmegraut heime. Men det kjem fleire dagar ...
      God jonsok!

      Slett
  2. Så koseleg! Gratulere! Kjekt med litt feiring.
    God Jonsok!
    Ja, alt skal markerast og feirast på forskot...

    SvarSlett
  3. Eg forstår at dei som skal brenne Slinningbålet treng heile natta. Såg ut som båtfolket hadde det kjekt, men kjølig.
    God jonsok tll deg og!

    SvarSlett
  4. Vi har ikkje feira jonsok på årevis. Når det gjeld nettbrett, brukar eg mitt altfor lite, eg treng eit kurs.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...