torsdag 29. mai 2014

Strikking i særklasse

Heilt sidan eg kjøpte boka "Knitting masterclass", har eg hatt lyst til å prøve teknikken oppklipping utan bruk av symaskin..
 Eg fann ut at eg ikkje tok sjansen på å prøve dette ut på eit stort prosjekt, så eg strikka ein prøvelapp i gilde fargar - heilt etter hovudet.  Kunsten (steeking in English)er å hekle i to masker.  Viss du bruker to fargar, må du passe på å strikke striper oppover, slik at du alltid treffer på begge fargane.
 Så sagt så gjort.  Eg klipte opp, og det såg greitt ut!
 Baksida vart fin, synest eg. Eg bretta inn kanten.  Eigentleg skulle ein vel berre hekle vidare?  Men eg er redd den ville rakna med hard bruk.
Prøvelappen vart til ein vest til dukka.  Resten av arbeidet hekla eg på frihand.
Konklusjonen min er eigentleg at denne teknikken er grei  - om ein då ikkje er den heldige eigar av ei symaskin ...

Og dataproblemet mitt har eg løyst med å laste ned ein ny nettlesar "torch".

4 kommentarer:

  1. Eg veit ikkje om eg hadde tort å gjere det slik, men har lese at
    mange gjer det.
    Det vart iallfall ein fin ny habitt til dokka.
    Den nettlesaren er ny for meg. Eg brukar Google Chrome og den har ikkje gitt meg problem enno.
    God langhelg vidare i fineveret !

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg får berre skrive overskrift i crome på datamaskina. Safari og explorer tek ikkje inn bilde. Eg forstår det ikkje!

      God helg til deg og!

      Slett
  2. Fin vest :-)
    Vonar du er heilt frisk igjen og kan nyte sola!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...