onsdag 21. mai 2014

Kan det bli kjedelegare?

Førre veke strikka eg ferdig ei jakke.  Blogglesarane skal få sjå den når eg får tak i knappar til den, og får frøkna til å stille som modell.  Problemet med den jakka var at den var så kjekk å strikke at eg vart sittande å strikke i tide og utide. Det var ein av grunnane til at eg begynte å strikke på nokre grå sokkar.  Noko anna var at eg hadde garnet liggande.  Før jul skulle eg ha eit mønsterhefte i butikken som dei ikkje hadde.  Då vart det til at eg bestilte heftet og garn direkte frå Sandnesgarn.  Der er gratis porto viss ein kjøper for over 500 kroner, så eg ville heller ha treskogarn enn å betale porto, for å seie det sånn. For det tredje, så høver dette strikketøyet til formålet å halde seg vaken når ein ser TV om kvelden. For det fjerde må eg strikke minst eitt par sokkar i året om eg ikkje skal gløyme kunsten.

I dag hadde eg kome til hælen.  Eg fann ikkje att kommentaren der mora mi forklarte det i fjor, og ho var på pensjonisttreff. Så eg fann fram ei bok.  Om ikkje hælfellinga der var heilt som mors, så fekk den det i alle fall til å demre for meg.

No vil blogglesarane kanskje innvende at eg ikkje kan ha strikka berre om kvelden.  Og det stemmer!  I går starta eg å nyse.  I dag begynte eg å hoste.  Dess meir eg pratar, dess verre er det.  Utover skuledagen begynte eg å bli tappa for energi.  Eg for heim klokka to, noko eg har høve til, men sjeldan gjer.  Etter middag datt eg heilt i hop.  Det er tungt å gjere den minste ting - anna enn å strikke.

Kjenner eg meg sjølv rett, er eg i form att i morgon!

Og ein eller annan får seg eit godt par tjukkelabbar!

4 kommentarer:

  1. God betring!
    Det er tid for slike sykjer no.
    Gode lestar er godt å ha, om sommaren òg :)

    SvarSlett
  2. Ja, eg går med tjukkelestar omtrent heile året! Og han som har sommarjobb som gartnar brukar sine i støvlar de fleste dagane! Her er mange føter som treng. Mora mi har ein heil skokk som ho strikkar til.

    SvarSlett
  3. Håper du er i bedre fotm i morgen,
    Men godt en kan orke litt strikking likevel.
    Hjemmestrikka sokker er det aller beste
    God bedring :)

    SvarSlett
  4. Grå sokkar er kanskje kjedeleg å strikke ( i alle fall viss ein skal strikke mange par), men dei er nøytrale og populære. Dine ser fine ut! God betring!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...