lørdag 24. mai 2014

Bok 29: Blomsternes hemmelige språk

Frå omslaget
Victoria har tilbrakt hele barndommen i forskjellige fosterfamilier og har aldri latt noen få komme nært innpå seg. Blomstene og deres betydning er blitt hennes måte å kommunisere med verden på. Som 18-åring bor hun i en liten avsidesliggende park i byen, der hun har skapt sin egen hemmelige hage. En dag møter hun blomsterhandleren Renata som blir imponert over Victorias kunnskaper om blomsterspråket og evne til å sette sammen vakre og talende buketter. Hun tar Victoria med til blomstermarkedet, der Victoria møter en mystisk ung mann som skal vise seg å ha forbindelse med fortiden hennes. Snart må Victoria ta et farlig valg - tør hun å satse alt for å finne lykken?

Denne romanen har eg latt stå att i hyllene på biblioteket lenge.  Som kjent er eg nærast allergisk mot amerikanske (berre legg til engelske og franske også) bestseljarar.  Men denne fekk eg høyre skilde seg ut.

Tema og handling i romanen er spennande.  Ein niåring som har vore i 32 fosterheimar og så møter ei som ikkje har tenkt å kaste henne ut. Korleis oppfører eit barn som ventar å bli avvist seg?  

Romanen tek seg opp mot slutten når Victoria vert gravid og føder. Korleis taklar ei som ikkje har fått omsorg i starten på livet å gi omsorg? Eg skal ikkje røpe meir.

MEN. Blogglesarane ventar nok på eit "men" frå mi side!? Men ein må greie å sjå forbi eit heller klissete og klisjéprega språk.  Eg slit når folk vert "fylte av kjærlighet".

5 kommentarer:

  1. Spennande tema..
    I møte med barn som veks opp på "nåde" er det ikkje så rart at dei ikkje klare knyte livsvarige band. For kanskje eg snart må reise igjen?

    Ha fin helg!

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, og så gjer dei alt dei kan for å bli avviste ...

      Slett
  2. Høres interessant ut. Kanskje jeg
    må se om jeg finner den.
    Klarer godt å lese bøker med litt "klissete" språk.
    Ha ei herlig helg :)

    SvarSlett
  3. Eg var budd på det verste då eg skulle lese denne boka. Bestseller-og med DEN tittelen. Det var vel derfor eg blei positivt overraska. Har lese ein stad at i papirutgåva er der ei liste over "blomstersymbolikk"-den hadde vore artig og sett.

    SvarSlett
  4. Eg las papirutgåva. Artig med den lista.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...