tirsdag 13. mai 2014

Bok 27: En god sak

Frå omslaget:
Kritikerroste Jan Mehlum er en av landets fremste kriminalforfattere og har blant annet vunnet Riverton- prisen for beste norske kriminalroman. Tønsbergadvokaten Svend Foyn blir viklet inn i sin vanskeligste sak noensinne, også denne gang med et skremmende realistisk bakteppe. Og i kulissene opererer politimannen Wilhelm Mørk og kriposetterforsker Alice Anderson. Å ha rett er ikke det samme som å få rett.. Et mørkt drama om rett og galt, fortalt med distansert ironi og blodig alvor: Vellykkede investorer med skjulte interesser, et fargerikt hippiepar, besatt av David Bowie. Og store penger i fritt omløp. En angrende synder, et gedigent boligprosjekt med mørke sider - og to livsfarlige kvinner

Av ein eller annan grunn hadde eg fått føre meg at eg hadde lånt ein gammal krimroman.  Men dette er den til no siste romanen med Svend Foyn

Det er litt greitt med desse heltane som ein kjenner frå før.  Hunden Hulda lever.  Dottera har flytta heimanfrå, men treng pengar innimellom.  For tida har han eit slags forhold til ei gift politikvinne.  Romanen sluttar med ein cliffhanger akkurat her.

Som advokat får Svend Foyn eit oppdrag som han løyser greitt. Men det skal vise seg at svindlarane vert misktenkte for drap.  Kven har motiv?  Kva er ein villeg til å gjere for å få hemn?

Romanen er oppbygd som ein forventar.  Svend Foyn må reddast i siste liten.

Dette er god underhaldning, ikkje minst fordi her er høvelege dosar med humor og ironi. Eg bruker å samanlikne han med Staalesen, so rett nok dreg samanlikningane eit hakk lengre.

2 kommentarer:

  1. Eg likar Jan Mehlum, men siste boka eg las av han hadde ikkje med verken Sven Foyn eller Hulda. Det var ein nedtur.

    SvarSlett
  2. Eg såg det! Han held visst på med ein ny i serien med Foyn - heldigvis.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...