torsdag 15. mai 2014

Aktive dagar

I ettermiddag og kveld har det hølja ned ute. Det var heldigvis ikkje like ille på Tinestafetten, men surt og kaldt var det.  Likevel var det ei kjekk oppleving både for elevar og lærarar.  Eg har som mål å halde tritt med dei bakarste til eg vert pensjonist.  Marginen er framleis god, i dag mykje takka vere yngstemann sin sykkel med mange gear.  No har vi fin sykkelsti over Eidet.

Bildet over tok eg på turen vår tysdagskvelden.  Det er framme der Rotarystien stoppar.


4 kommentarer:

  1. Eg har hatt to barnebarn på stafetten i dag, og våte var dei,
    men seinare på dag spelte jenta fotballkamp i eit forrykande regnver.
    Med besteforeldre som ivrig heiagjeng... men me hadde godt med klede, det hadde ikkje jentene. Vona dei ikkje blir sjuke.

    SvarSlett
  2. Ikkje alle er like flinke å kle seg, men dei lærer vel etter kvart. Det var første gongen eg var med. Det er lettarte å ta laus med alle no når det er trafikksikkert.
    Fotballkampane i ettermiddag var vel omtrent dei våtaste ein kan tenke seg!

    SvarSlett
  3. Fint med gode turstigar for folk som ikkje er så veldig spreke. Det kjem heldigvis slike mange stader no. Når ein vert gammal kjenner ein også at kvilebenkar er viktig. Får ein kvile litt, greier ein meir.

    SvarSlett
  4. Der er fleire kvilebenkar langs stien.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...