søndag 17. november 2013

Høner til middag?

 Det var då frøkna nekta å vere med å kaste høner samtidig som vi fekk høyre at det vert kasta 1,5 millionar høner i året i Noreg, at vi bestemte oss for å ete høner.  Viss fleire et høner, vil det verte større etterspurnad etter høner i butikkane, og så kan det hende at færre vert kasta.  For det er ikkje bra at vi kastar mat vi som har råd til det.

Hønene vart først kokte i 2 1/2 time.  Dei låg litt trangt i panna saman med 3 små løkar, 2 ms heil pepar og 1 ms (=15 ml) salt.  Deretter pensla eg dei med olje og krydra dei.  Her brukte eg ei krydderblanding, men salt og pepar går fint.  Dei fekk stå i omnen på 200 grader medan potetene kokte.  Eg laga brun saus til. Spander gjerne ein fløyteskvett i.  Av grønsaker hadde eg gulrøter, kålrot og brokkoli.

Det som vart att av krafta, står no og kokar inn.  Eg har planar om å bruke ho i ei mulligatawny-suppe ein gong i adventstida.

Mannen og eg har gode minne om høner frå vår oppvekst.  Det var ikkje vanleg å ete kylling på 60- og 70-talet det eg kan hugse?  Kanskje nokon kan tidfeste kor tid kylling vart vanleg?
Det er berre to veker att til advent! I dag fann eg fram nokre serviettar eg har vunne.  Eg fekk og tømt ein pakke med brune lys.  No gjeld det å ikkje kjøpe noko lilla før ein har vore på loftet ...

3 kommentarer:

  1. Hønsefrikase er det jeg husker fra min oppvekst.
    Har laget det noen ganger. Men det er ei stund siden nå.
    Er litt arbeid å få kjøttet av skroget.
    Men det er veldig godt, så kanskje jeg skal kjøpe ei høne en
    dag å lage litt frikase.
    Ha ei herlig uke :)

    SvarSlett
  2. Eg har laga det og med lys saus. Her i huset er brun saus svært populært. Men kanskje eg skal prøve det neste gong!

    SvarSlett
  3. Mamma laga høne som vilt. Ho kokte høna først og steikte den så i omnen og laga viltsaus til. Ein av mine livrettar frå den tida. Men ein fekk ikkje kjøpt høner på butikken. Vi fekk ei høne hos ein som dreiv med høns første gongen eg smakte denne delikatessen.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...