mandag 18. november 2013

DIY

 Frøkna tok like godt å strikka seg ei FWSS-inspirert hue til.  Ho brukte pinnar nummer 2 1/2 denne gongen og la opp 140 masker.

Sandnes har forstått det.  Vil ein ha ungdom til å strikke, må modellane vere slik ungdomen liker. Dei har hive seg på den nye trenden Do It Yourself. Forkortingar på engelsk må til i desse tider.  Det var opp til fleire modellar frøkna kunne tenke seg i dette heftet.
 Ein av dei meinte eg ho ville greie sjølv, kanskje med litt monteringshjelp.  Modellen er i perlestrikk på pinnar nummer 8.
Eit stort pluss er at garnet ikkje er så dyrt.  Eg meiner eg betalte 255 kroner for garnet og 60 for heftet på TrådKråa.

Sjølv synest eg modellen på framsida er fin.  Tida vil vise om eg strikkar fleire modellar frå heftet.  Der var ein i patentstrikk ho kunne tenke seg.

Eit stort pluss til Sandnes for å skrive vanskegrad på plagga.  Dei har vit å smi medan jernet er varmt.  Det er kjekt at dei vil få med seg unge strikkarar. DIY

2 kommentarer:

  1. Fin hue ! Kor kjekt at ho likar å strikke.
    Mykje spennande i hefta og flott at
    ungdom let seg inspirere.

    SvarSlett
  2. Eg var no ca 18 år då eg begynte å strikke for fullt. Lærte kunsten i 5-årsalderen. På barneskulen lærte vi å strikke lestar og eg brukar stadig same hæl- og tåfelling som vi lærte då. Kjekt at dei unge lærer strikkekunsten,og dei første plagga må sjølvsagt vere enkle.Fin hue!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...