mandag 25. november 2013

Broen II

Etter ein lang arbeidsdag med påfølgjande rettingar og førebuingar, er det kjekt og avslappande å kunne sette seg ned og sjå ein rein underhaldningsserie.  Broen har vore min favoritt dei siste 10 vekene.  No sit eg og er nokså nøgd med oppklaringa.  Ein tråd til kunne nok vore nøsta opp for å gjere serien heilt perfekt, eller kanskje nettopp ikkje?

No spørs det om amerikanarane hiv seg over denne også.  For sjølv om Broen I var god, var The bridge nokre hakk betre, synest eg.

2 kommentarer:

  1. Det har vore skrive mykje om denne serien. Eg har og vore hekta, men tykkjer det blir i overkant realistisk og skræmande! Lurer veldig på korleis oppfølgjaren kan bli, med eine hovudpersonen i fengsel. Ikkje særleg happy end... Og Saga skal visst bli "mindre asbergerer", då ho har vore i overkant karikert. Gledar meg uansett til framhaldet!

    SvarSlett
  2. Eg og! Synest kanskje den amerikanske utgåva, Sonja, var hakket betre. Synest forholdet til sambuaren var lite realistisk, men det er no sett frå min synsstad. Eg og gler meg til framhaldrt!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...