torsdag 3. oktober 2013

Snart ferie!

Og som kvart år synest ein at i år skal det bli spesielt godt med ferie. Vi har ein tendens til å legge opp til mykje å  gjere veka før det er ferie.  I år er ikkje noko unnatak.

Ikkje har det vorte så mykje tid til strikking heller. Eg har ikkje starta på ermane denne gongen. Det ville blitt så mange nøste å halde greie på.  Men når eg er ferdig med bolen, kjem eg til å drive det eg kallar parallellstrikking av ermane. Eg merkar det på skuldrene at det er eit stort arbeid.  Derfor går det sakte.

Genseren starta eg å strikke valdagen.  Sidan då har vi fått mørkeblå regjering.  Det står att å sjå korleis det vil gå.  Det er ikkje så lett å ta frå folk goder.

3 kommentarer:

  1. Du skulle ikkje starta med mørkeblått på valdagen. Det kunne bli slik!

    SvarSlett
  2. Veldig fin genser!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!

    SvarSlett
  3. De er svart og grått med litt lyseblått :-) Oppskrifta hadde eg venta på. Ha som skal få de, er no svært glad i raudt.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...