tirsdag 22. oktober 2013

Inspirert av FWSS

 Då vi skulle til Dublin, viste det seg at gutane skulle til Oslo på konsert.  Frøkna fekk seg då ein liten miniferie hos besteforeldra i Ørsta.  Eg foreslo at ho kunne ha med seg eit strikketøy.  Det vart ikkje meir snakk om det før vi var i Dublin.
 Ho hadde sjølv funne ei oppskrift på nett og gått innom TrådKråa og kjøpt garn. Garnet heiter Sandnes mohair silk.  Vi la opp 130 masker på pinnar nr 3.  Eg fekk låne ei ekte FWSS-hue av ein kollega for å sjå fellinga. Her har eg vaska hua i vaskemaskina på ullprogrammet på 40 grader.
Den var felt fire stader.  Eg skifta frå rundpinne til fire pinnar og felte på byrjinga av kvar pinne (fire stader).  Etterpå såg eg at eg burde ha variert mellom byrjinga og slutten av pinnen for å få ei beinare felling.   Når ein ser vekk i frå det, er vi godt nøgde med prosjektet.  Ho strikka hua, og eg strikka fellinga. Hua er så lett at der er sikkert tråd til ei hue til, minst.

3 kommentarer:

  1. Fin hue.
    Eg strikka ei sist vinter i alpakka trur eg det var. Den vart
    kjempestor så eg rekna med å rekke den opp, men så kom
    barnebarnet på 11 år innom. Ho tok den på seg og har nesten
    ikkje tatt den av sidan.... Ho har langt tjukt hår så på henne kunne den vere stor. Eg trur eg skal lage fleire, og kanskje prøve din tråd..

    SvarSlett
  2. Trur nok det vert strikka fleire her i huset og. Denne er så lett at den kan brukast store delar av året. Det er visst moderne.

    SvarSlett
  3. Det vart lite strikka mens ho var her, for både ho og eg var litt usikre på kor mange masker ho skulle legge opp. Hua vart fin, og ho kledde den godt.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...