tirsdag 29. oktober 2013

Den gamle gode

Det tek si tid å strikke ein herregenser.  Men no er det ikkje lenge før ermane vert ferdige.  Spørsmålet er berre kor lange eg skal strikke dei.  Så eg bad han som skal få genseren om å ta seg ein tur innom med gamlegenseren.  Skal tru kva år denne vart strikka? Eg tippar det var til eit meisterskap.  Eg synest å hugse at eg broderte litt av stjerna.  Men det var mor mi som strikka han.  Eg berre monterte.

No skal eg gjere eit par småreparasjonar på genseren og vaske han.  For slutte å bruke han, vil eigaren ikkje.  Det er ikkje farleg å legge mykje arbeid i ein genser når ein veit han vert brukt - og det i mange år!

2 kommentarer:

  1. Eg hugsar at eg strikka genseren. Skulle eigentlig ha strikka ein annan variant , utan glidelås, men gjorde feil, så du fekk ekstraarbeid med monteringa. Det er ein VM-genser, trur eg, men hugsar ikkje årstalet.

    SvarSlett
  2. Ikkje eg heller. Tippar guten var utvokst omtrent.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...