onsdag 17. juli 2013

Presangar

 Ein hyggeleg konsekvens av å fylle rundt år, er alle gåvene. Eg har fått blomster, gåver, pengar, gåvekort og kaker.
 Dei som kjøpte dette, hadde kanskje fått med seg at juvelane mine ligg litt tilfeldig plassert rundt i huset?  Perleøyredobbar ønska eg meg, for eg oppdaga at eg ikkje hadde øyredobbar som høvde til perlesmykket mitt.
 I skrinet låg det noko eg først trudde var ei lommebok.  Men det er eit reisesmykkeskrin. Det hadde eg aldri høyrt om før!

Når eg skal på utanlandstur, eller det kan vere berre ein tur til hovudstaden, er eg forsiktig med å ha med meg verdisaker.  Når eg kjem fram, tenkjer eg ofte at det hadde no vore greitt med nokre enkle smykke og ikkje minst - øyredobbar. No kan eg ha dette liggande ferdigpakka.
Elles er det kjekt å få gåver med ei lita utfordring.  Dette er ein del av ein "gresk pakke". Det ligg an til "gresk aften".

Det kan hende eg kjem med fleire avsløringar seinare ...

2 kommentarer:

  1. Spennande med gåver. Då systra mi fylte rundt i fjor sparte ho alle pengegåver for å kjøpe ein vakker engelskulptur. Ho hadde sett på spesiell. Og no i sommar fekk ho kjøpe den. Så pengegåver må ein passe på slik dei ikkje går i "sluket"...
    Du har fått mykje fint!

    God natt natt@-}--

    SvarSlett
  2. Det er sant. Eg ønskjer meg ei bokhylle i eit rom som må pussast opp. Bøker blir det og.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...