lørdag 13. april 2013

Nytt strikketøy

No har eg kome i gang med eit nytt prosjekt.  Oppskrifta fann eg i Retromasker.  Eg har strikka ei korterma jakke frå boka før og veit det er ein del arbeid med monteringa.  Men resultatet vert eit tynt og tenleg plagg.  Som sist strikkar eg største storleik i Hverdags.  Eg har ein del restar som eg har tenkt å bruke til mønsteret. I boka er vesten i tre ulike fargevariantar.  Eg finn nok min eigen.

5 kommentarer:

  1. Enda ei korterma jakke. Eg går ut frå at du har funne ut at dette er plagg som høver til ditt behov. Fin blir den heilt sikkert. Eg har hatt sitteproblem i det siste og har ikkje fått strikka noko.Margrete og eg har ikkje kome fram til gensermønster enno.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg har kjøpt meg ei strikkebok av ei som redesignar for Rauma. Den må de sjå før de bestemmer dykk!

      Slett
  2. Gløymde å seie at jakka heilt sikkert blir fin, du strikkar veldig pent. Eg hugsa at eg lærte deg å strikke lestar (Hælfelling) før de skulle lære det på skulen.

    SvarSlett
  3. Det er kjekt at du er så flittig med strikkepinnane! Med meg går det litt sakte for tida. Er ikkje så bra i nakken, så merkar det fort viss eg gjer for mykje. Jakka di blir fin! Trur eg skreiv kommentar på eit gamalt innlegg av deg, som poppa opp under innlegget. Ikkje alltid eg treff rett når eg brukar i-paden.

    SvarSlett
    Svar
    1. Det spørs om eg finn det likevel, for eg sjekkar kommentarane litt ofte no. Mykje dett rett i søppelpostkassa heldigvis, men framleis er der nokre amerikanarar som prøver seg.
      Som du veit har eg og hatt mine stive år ... No og må eg passe meg. I byrjinga av feriar, er eg ofte heilt maroder.
      Synest du syr så fint!

      Slett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...