søndag 23. september 2012

Solrik septembersøndag

 Etter mange veker med regn har vi no fått nydeleg haustver på Sunnmøre.  Eg fann ut at eg ville nytte føremiddagen til ein tur.
 Før eg for, sette eg på ei panne med fårikål.  Førre søndag då vi var i Stavanger, verka det som alle facebookvennane mine kokte fårikål.  I dag er visst alle ute på tur.
Journalisten var invitert.  Det er frøkna sin plass som er tom.  Ho kjem att frå skuletur med Aktive Fredsreiser i natt.
 Dagens tur gjekk rundt Snipsøyrvatnet på sykkel, og ja, eg hugsa hjelm.  Skal tru kor lenge der var elevar ved Snipsøyr skule?
 Som alle gamle skular, har også denne utedass.
 Astalt er ein stor fordel når ein syklar.  Det fekk eg merke på bortsida av Grimstadvatnet.
 Holesanden.
Høgt heng dei, og sure er dei!

P.S.
Det har vore ein diskusjon om ein skal ha jamning på fårikål.  I dag hadde eg berre i 2 ms kveitemjøl. Eg trur nok at dess eldre folk er, dess mindre tjukk saus vil ein ha?  Små born et gjerne poteter med god saus og litt kjøt.  Det er i alle fall mi erfaring.

8 kommentarer:

  1. Du har hatt ein fin tur forstår eg.
    Har høyrt at Kvitholvegen er fæl ja..
    Eg brukar litt kveitemjøl i fårikålen, men trur det er mest av gamal vane.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg og har alltid hatt i kveitemjøl, men i dag trappa eg litt ned.
      Kvitholvegen var full av lauggrus, så eg angra på at eg ikkje sykla gangvegen. men der var noko gravearbeid på gang.

      Slett
  2. Fårikål er virkelig godt.
    En herlig søndag du har hatt.
    Tur og god middag.
    Ønsker deg ei herlig uke :)

    SvarSlett
  3. Eg har ikkje mjøl i fårikålen , men lagar jamning av vatn og mjøl og sper med kraft. Sist sundag laga eg fårikål utan jamning. Det gjer eg ikkje oftare.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg ristar jamning på. Eg dryssa mellom laga ein gong slik oppskrifta sa. Det gav klumpar.

      Slett
  4. Så godt at du fekk deg ein tur!
    Herlege bilete!!

    Fårikål er godt :-)

    -fin veke-

    SvarSlett
  5. Eg plar drysse mjøl mellom laga slik Ingrid Espelid skreiv, og det har aldri blitt klumpar. Elles plar eg bruke vanleg pepar, så eg "juksar litt". Fine turbilete!

    SvarSlett
  6. Det som Ingrid skriv, bør funke, men eg gav meg på den varianten. Og eg trur kanskje den må koke litt lenger då? Uansett, så er det berre å finne sin eigen formel, som eg plar seie.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...