mandag 24. september 2012

Plommedessert

Det har vore plommeår her i år.  I går plukka vi inn dei siste plommene.  Eg trur det er Opal. Kommentaren frå gjestene var: Du har vel ikkje laga sylte av alle plommene?

Oppskrifta/sukkermengda var den same som foreldra mine bruker til hermetiske plommer.  Det er noko søtare enn plommekompott i kokeboka.  Eg liker ikkje å reklamere for bruk av mykje sukker, men her synest eg det må til.  
5 dl vatn
3 dl sukker
ca 800 g plommer

Kok plommene til dei er møyre. Eg kokte først halvparten av plommene, ca 400 g, og hadde dei i ei skål.  Så kokte eg resten i same laken.

Server med piska krem, gjerne med 1/2 ts vaniljesukker eller vanleg sukker i.

3 kommentarer:

  1. Eg kan ikkje hugse sist eg kokte plommer, men i år hadde vi lita avling, sidan vi klipte trea mykje i fjor haust.
    Ein kan ikkje gi opp sukkermengda for plommer, for somme gonger er dei veldig søte, andre gonger surare,også på samme treet.

    SvarSlett
  2. Dei siste var ganske sure. Trur det var pappa som hadde kokt sist eg fekk det i Starevegen.

    SvarSlett
  3. Har fått en pose med plommer som jeg må se å få brukt. Så kanskje det blir plommegrøt i morgen.
    Ha en riktig god tirsdag :)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...