torsdag 27. september 2012

Fest i nordvest!

I dag har vore ein stor dag for alle fotballinteresserte i regionen. Øystein hadde ordna billettar til både slekt og vener.

Mor mi og eg såg på kampen frå sofakroken.  Då ein tidlegare elev scora første målet for Hødd, var eg snar å ta fram smarttelefonen for å ta eit bilde frå godstolen for å legge ut på facebook.  Og kven andre enn gode kollegaer viser seg jublande på skjermen!  Som alle no veit, vart det to mål til.  Eg reknar med det kan bli trongt om plassen på hybelen til jusstudenten 25. november!


2 kommentarer:

  1. Fantastisk. Artig at du har vore læraren hans, du eig liksom litt i då ;)
    Eg óg sat i sofaen, men det vart nokre hyl og kvin for meg sjøl ;)
    ALLE rundt meg var på kamp så ingen høyrde meg...

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...