tirsdag 12. april 2011

Det skal bli spennande!

Eg meiner eg har gjort ein liten ekstra innsats for rettskrivinga i klasse 10A.  Eg har krangla med dei.  Eg har gått så langt som til å snakke "nordlending".

Kva gjeld saka?  Jau, elevane skriv at dei kjem gåandes og at ting er spennandes.  Kvar kjem dette frå?  "Oss sei det!". "Nei, de gjer dokke ikkje," hevdar eg, vel vitande om at dei som regel skriv som dei snakkar.  Eg hadde forstått det om det var dialekt i Ålesund eller Oslo!  Er det rett og slett barnespråk?

I går var det førebuingsdag i norsk der vi mellom anna gjekk gjennom ein del rettskriving.  Det skal bli spennande om dei skriv spennande, i dobbel tyding.

3 kommentarer:

  1. Kjenner att diskusjonane. Både barn og vaksne må få inn i haudet sitt at skriftspråk og talespråk ikkje alltid er samanfallande.Men på bloggen, FB sms etc. får vi vel ein uvane nokon kvar med å skrive dialekt.Eg påstod overfor mine elevar at gådde, mådde og gidde var babyspråk. Men kva så når foreldre kjem med same bøyingane. Ser 4 stjerners middag. I går var ingebrigt Steen Jensen der. Han såg det som si oppgåveå lære folk å uttale "bernes" (saus) med s til slutt, entrekott med t og påmmfritt med t. No skriv eg orda som "lydskrift". Eg kan skrive dei rett på fransk også.

    SvarSlett
  2. Og den franske fiskegryta? eg har spurt nokre kokkar so ikkje har peiling. Men no har eg franskordbok: bujabes(e-en er omvendt 3-tal) bouillabaisse seier seg ikkje sjølv for den som ikkje har lært eit ord fransk. Eg har nok plukka opp uttalen på TV, for eg meinte det var slik.

    SvarSlett
  3. Eg seier vel noko i nærleiken, men kansje nærmare boljabes. ou på fransk kan like gjene bli uttalt o som u-trur eg. Eg er ingen franskekspert, men franske ord er mykje lettare å uttale rett enn t.d. engelske, fordi ein på fransk har greie reglar for uttale, i motsetnad til engelsk.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...