tirsdag 5. november 2013

På gamle stiar

 For 27 år sidan budde vi i Bergen. Eg var litt spent på kor mykje byen hadde endra seg.  KIanskje det viste seg at vi hadde endra oss.  Vi oppsøkte i alle fall andre stader enn vi gjorde den gongen.

Fisketorget var fornya.  dei selde mest frukt etter det vi kunne sjå.

Eg trur han må ha sett seg ned i seinare tid.
Bryggen er vel den same?
Dei gamle, flotte husa.
Vi kika litt i vindauge.
Typisk turistbutikk!
Vi vandra mot festninga.

Fofattaren ville sjå Rosenkrantztårnet.



 Det finst forbodsskilt i Noreg og, men det er heller langt mellom dei.


Domkyrkja.
Peter Dass.
Dorothe Engelbretsdotter. (Eg tek atterhald om skrivemåten.)
I Marken kjende eg meg ikkje godt att, men eg veit at eg brukte å handle litt her, eller i alle fall kike i butikkar. Eg tippar at mange butikkar er lagt ned eller flytta etter at kjøpesentera begynte å ta over.

mandag 4. november 2013

Utveksling

 Frøkna i familien har meldt seg på eit utvekslingsprosjekt. Så denne veka har vi ein tysk ung mann på besøk. Eg har trua med å snakke tysk, noko som ho meiner vil gjere hene flau.  Vi henta han hos ein annan vertsfamilie som tok i mot dei i går sidan vi var i Bergen.  Det viser seg at han snakkar flytande engelsk etter å ha vore eitt år i USA.

Guten er høfleg og grei.  Han er open for å smake all mat, seier han.  Til frukost fekk han prøve seg på brunost i form av innherredsost. Han smakte og var overraska, for han hadde ikkje trudd at det "actually was good".
I dag laga eg taco til dei to venninnene og dei to tyske vennene deira. No har dei fare på kino i Ulsteinvik. Det ser ut til å bli ei kjekk veke for ungdomane! (Og oss vaksne.)

lørdag 2. november 2013

Turist i Bergen


Mobilen min samarbeider ikkje heilt i dag. Men elles har vil det strålande!

fredag 1. november 2013

Pizzasaks

Ein kollega av meg meinte for snart 15 år sidan at ei saks var den beste reiskapen til å skjere pizza med.  I dag fekk vi klippe sjølve på Peppes pizza.


torsdag 31. oktober 2013

Eg vil til Bergen!

Fofattaren får ulike oppdrag.  Mi oppgåve har vore å passe hus og heim når han reiser vekk.  No har vi unge menn heime som passar hus, så det er lettare for meg å hive meg med.

For 27 år sidan gjekk eg på heimkunnskap på lærarskulen  i Bergen.  Kanskje det var det beste året i livet mitt, har eg tenkt i ettertid. Eg gjekk gravid med eldstemann det året.  Sidan det har eg ikkje vore der.  Er det rart at eg har lyst attende?  I morgon ettermiddag tek vi fly frå Vigra.

Om nokon blogglesarar er i Bergen og har lyst å kome på Litteraturhuset, så hadde det vore kjekt!  Les om arragementet her.

onsdag 30. oktober 2013

Kurs og kontakt

  • I går var eg så heldig å endeleg få gå på eit datakurs.  Som ei venninne av meg uttrykte: Det er vi litt eldre lærarane som treng etterutdanning.  Dei unge treng praksis." 

    Eg har sett på dei nyutdanna med gode datakunnskapar, lage ulike oppsett.  Det går rasande fort med snøggtastar.  Sjølv kjem eg som oftast i mål med mine ark, men det tek tid.  I går fekk eg lære ulike smarte metodar.  Det glei litt inn korleis tankegangen bak word er. Allereie i dag tok eg i bruk "malarkosten", ein av funksjonane eg ikkje kunne.  Det skal visst vere omtrent tre måtar å gjere det meste på. 

    Vel heime mekka eg litt på kommandolinjene på denne datamskina.  Eg fekk og demonstrert nokre knappar eg ikkje visste om.  Den beste måten å lære noko på, er å finne seg eitt eller fleire offer.  For kan du lære noko frå deg, då kan du det!

    I dag og i morgon står det kontaktmøte på planen.  Det er givande, men travelt etter ein arbeidsdag.

    Dagens nyheit: No skal vi jule venene våre! 

tirsdag 29. oktober 2013

Den gamle gode

Det tek si tid å strikke ein herregenser.  Men no er det ikkje lenge før ermane vert ferdige.  Spørsmålet er berre kor lange eg skal strikke dei.  Så eg bad han som skal få genseren om å ta seg ein tur innom med gamlegenseren.  Skal tru kva år denne vart strikka? Eg tippar det var til eit meisterskap.  Eg synest å hugse at eg broderte litt av stjerna.  Men det var mor mi som strikka han.  Eg berre monterte.

No skal eg gjere eit par småreparasjonar på genseren og vaske han.  For slutte å bruke han, vil eigaren ikkje.  Det er ikkje farleg å legge mykje arbeid i ein genser når ein veit han vert brukt - og det i mange år!

mandag 28. oktober 2013

Irske suvenirar II

 Eg synest det er kjekt å ta med seg noko heim frå tur som ein kan bruke til dagleg.  Slike småting kostar lite, men vert ei dagleg påminning om ei reise til eit triveleg land.  I Dublin og Belfast heldt den same suvenirbutikkjeden til.  Det gjekk mykje i grønt og kløver.  Eit lite fat til teposar.

May the road rise
up to meet you,
and may the wind be always
at your back

May the sun shine warm
upon your face
and the rain fall softly
on your fields

Kjøleskåpsmagnetar.

søndag 27. oktober 2013

Årets lengste dag

Ein vert litt døgnvill første dagen med vintertid.  Eg las forresten på nett at Island ikkje har vintertid?  Eg liker ikkje denne overgangen med mørke ettermiddagar.  Om morgonane mørkt når eg går på jobb uansett.

Dagen vart ikkje som planlagt.  Eg kom meg ikkje inn på arbeidsplassen min. Eg har låst meg inn med det nye nøkkelsystemet før.  Kva som skjedde i dag, veit eg ikkje.  Men det er skikkeleg frustrerande å ikkje få gjere det ein har planlagt.  Komande veke skal eg vere på jobb til klokka fem tre dagar. Det hadde vore ein fordel å fått ein god start på veka.  Noko arbeid kan eg heldigvis gjere heimanfrå. Eit prøvesett er retta, og eg har fått laga arbeidsplan til elevane.  Kopiering og anna får eg ta i morgon.

Til middag serverte eg nakkekotelettar i dag.  I går steikte eg eit lammelår rett før det ville gått ut på dato.  Det vart perfekt, om eg skal seie det sjølv.  I morgon slepp eg å lage middag.  Då står valet mellom restar av lammesteik eller kotelettar.  Så får det bli fisk nokre dagar.

Resten av familien var på Høddvoll i dag. Sigeren i dag gir håp om opprykk.

Hausten er framleis mild hos oss.  Vi merka at det bles i går.  Snøggbåten vart visst innstilt.


lørdag 26. oktober 2013

Bok 51: Noe til besvær

Dette er ei litt merkeleg bok som er vanskeleg å putte i nokon sjanger.  Ein får assosiasjonar til mellom anna  Eastenders.  Sjølve handlinga går føre seg over ein kort tidsperiode.

Utgangspunktet er ein familie med to vaksne born.  Faren inbiller seg at han har fått kreft sjølv om legen seier det er eksem.  Mora har funne seg ein elskar. Faren oppdagar dei i akta utan at dei veit det. Dette utløyser ein depresjon, og har får tilgang på valium.  Dottera i familien skal gifte seg med ein mann ingen liker. Liker ho han sjølv, eller er det pengane hans som kan gi henne tryggheit, ho er ute etter? Sonen i familien har ein homofil kjærast. Kvifor er ikkje han velkomen i dette bryllaupet?

Dette er kvardagsdrama på høgt plan!  Og det store høgdepunktet er brylaupet?  Blogglesarane får lese boka sjølve om dei vil finne ut om dei vil leve lykkelege alle sine dagar!

Eg likte boka svært godt.  I byrjinga var eg skeptisk til opplesaren.  I utgangspunktet synest eg at engelske bøker ikkje bør lesast slik at ein dialekt skin igjennom. Men Bjørn Sundkvist si tilforlatlege opplesing fungerer svært godt!

fredag 25. oktober 2013

Strikkelyst

 Det vert gitt ut mange bøker som eg får lyst på.  Denne lånte eg på biblioteket då ho var ny, og så tenkte eg at eg kunne slå til når ho ein dag kom på sal.
 Boka er ei fin grunnbok i strikking.  Ein finn strikkeskule bak i boka.  Elles er ho inndelt i kapittel med mange grunnmønster ...
 ... og andre mønster.
 Dei fleste er enkle.
 Ein finn eit eige kapittel med baby- og dukkeklede.
 Sjølv las eg om Ola-Ola då eg begynte på skulen.  Dei som er litt yngre enn meg, hugsar kanskje fi-fi?
Elles er der eit kapittel med ting til huset og eit med toving.

Eg synest boka høver godt for nybyrjarar og litt vidarekomne.  Boka fungerer flott som oppslagsverk.  Dei kreative kan bruke grunnmønstera som basisoppskrifter og utarbeide sine eigne plagg.

Og prisen?  149 kroner på ark.no

torsdag 24. oktober 2013

Gatelangs i Dublin

 Ein skal ikkje så langt ut i verda før bybildet er annleis.  Også i Dublin har bussane to etasjar.
 Hestedrosjer.
 Då eg var i London viste eg elevane bilde av mange skilt.  I Dublin var skilthaldar eit eige yrke.
 Eg lurte meg til å ta bilde av dei bakfrå.
Vikingen snudde seg akkurat i gjerningsaugneblinken.
 Sparbutikkar var der ein del av.
 Kanskje nokre kjenner att dette hotellet?

 Butikkar i sentrum.
 Utelivet er i Temple Bar district.

 I denne butikken fekk ein kjøpe kunst, også på krus.
 Elva Liffey deler byen i to.  Ho kan kryssast fleire stader.  den mest kjende brua er Ha'penny bridge. det kosta nok ein halv penny å krysse elva der i si tid.
Siste dagen gjekk vi og ned til ein av kanalane.
Det hender ofte, seinast i dag, at eg kjem i skade for å seie til elevar kva dei ikkje skal gjere.  Då er eg alltid snar å seie "Og så sa dei at vi ikkje skulle putte erter i nasen ................... det hadde vi ikkje tenkt på før!" (Fritt etter diktet:) I London reagerte eg på alle forbodsskilta, gjerne med truslar om straff:  Det var ikkje heilt fritt i Dublin heller.

onsdag 23. oktober 2013

Dobbeltime i historie

Då vi var i Dublin, besøkte vi Kilmainham goal. Der får ein berre gå rundt i grupper saman med ein guide. Det var ein fantastisk flink forteljar.  Det han har å fortelje er ei svært sterk historie.  Øystein tok bilde og har lagt ut på bloggen sin.  Stikk gjerne innom.

tirsdag 22. oktober 2013

Inspirert av FWSS

 Då vi skulle til Dublin, viste det seg at gutane skulle til Oslo på konsert.  Frøkna fekk seg då ein liten miniferie hos besteforeldra i Ørsta.  Eg foreslo at ho kunne ha med seg eit strikketøy.  Det vart ikkje meir snakk om det før vi var i Dublin.
 Ho hadde sjølv funne ei oppskrift på nett og gått innom TrådKråa og kjøpt garn. Garnet heiter Sandnes mohair silk.  Vi la opp 130 masker på pinnar nr 3.  Eg fekk låne ei ekte FWSS-hue av ein kollega for å sjå fellinga. Her har eg vaska hua i vaskemaskina på ullprogrammet på 40 grader.
Den var felt fire stader.  Eg skifta frå rundpinne til fire pinnar og felte på byrjinga av kvar pinne (fire stader).  Etterpå såg eg at eg burde ha variert mellom byrjinga og slutten av pinnen for å få ei beinare felling.   Når ein ser vekk i frå det, er vi godt nøgde med prosjektet.  Ho strikka hua, og eg strikka fellinga. Hua er så lett at der er sikkert tråd til ei hue til, minst.

mandag 21. oktober 2013

Spøtemøte

I ettermiddag har eg vore på spøtemøte på TrådKråa.  Ein representant frå Raumaull viste dei siste modellane deira.  Eg synest det var eit kjekt og inspirerande møte.  Noko storhandel vart det ikkje med meg i dag.  Eg prøver så godt eg kan å ikkje starte nye prosjekt før det gamle er avslutta.

Ein kunne ta med seg hefte, slike utan oppskrifter, men eg synest det er like greitt å bla i dei på nett.


søndag 20. oktober 2013

Nok ein nydeleg dag ...

 ... kan vi notere oss. Det er herleg 20. oktober. Her ute i "øyane" er nok litt mindre snø enn lengre inne der eg kjem frå. Melshornet vårt til høgre.
Her kan ein skimte fjella i Sula og Ørsta.

Det er framleis teikn til vegarbeid.  Då vi kom heim frå Dublin, såg vi at gangvegen mellom Hareid og Ulsteinvik hadde vorte asfaltert. No kan dei i kommunen som ikkje har rett til skuleskyss, tore å sykle til UVS.

Eg ser det er mange som parkerer bilane sine og går tur på Rotarystien. Ein møter både kjende og framande. Eg synest det er viktig å kome seg ut midt på dag når ein kan.  Den tida ein går heimanfrå i mørkret og heim att i mørkret, er den tyngste, synest eg.


Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...