tirsdag 5. mars 2019

Bok 12: Fem stjerner

Fem unge menneske på flukt gjennom ei ukjent verd.

Aisha og Said er barnesoldatar, men greier å rømme frå leiren utanfor Mogadishu i Somalia. Seinare møter dei Isir, Aaliyah og Khadar som flyktar frå det same.

Dei fem bestemmer seg for å halde saman og prøve å komme seg til Europa. Men korleis overleve i ei verd der ingen vil ha ein? Med ingenting anna enn kvarandre startar dei på ei reise som fører dei frå telta i flyktningleirane til lastebilar gjennom ørkenen, frå brutalt fangenskap til bølgjene i Middelhavet.

Det handlar om dei som mistar alt og flyktar til ingenting, men òg om håp, samhald og vennskap. Kven er du når ingen veit kven du er?

Fem stjerner er første bok om flukta
.

Denne romanen greip meg.  Vi veit at dei som kjem seg over Middelhavet ofte har fryktelege historier å fortelje.  Her får vi lære om ein bit av sanninga.                  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...