søndag 28. oktober 2018

Tilbake i Bergen

Torsdag var den årlege mat og helse-konferansen i Bergen.  Eg tok første fly, eller eg skulle ha teke første fly til Bergen og landa i god tid.  I staden så valde SAS å sende meg til Gardermoen ein time før eg vart sendt over fjella att til Bergen.  Det resulterte i at eg kom ein time for seint til første og beste forelesing.  Heldigvis vart den streama, så eg skal sette meg ned å lytte til foredraget seinare.  Heilt det same vert det nok ikkje.

Reisa vart ikkje kjedeleg.  På snøggbåten møtte eg ei dame som eg kjenner godt.  På Gardermoen slo eg følgje med ein eg nettopp har vorte kjent med.  Han og skulle til Bergen, men hadde fått ei anna forklaring på omvegen enn eg.  På bybanen i Bergen kom eg i prat med ei hyggeleg dame som hadde drive med byplanlegging der i 30 år.

Lærarhøgskulen har flytta frå Landås til Kronstad.  Eg fekk sjå det nye kjøkenet der.  Det er topp moderne. Her er det induksjonstoppar og institusjonsoppvaskmaskin.  Det høyrer eg at vert sett inn på nye skulekjøken rundt om.

Elles var det mykje byggeaktivitet ved skulen som allereie er for liten.

Det var mykje å lære i Bergen, ikkje minst lærer ein mykje av å vere saman med andre i eit fagmiljø.  Det som vert spennande no, er innføring av nye læreplanar i alle fag.  Eit par av mine kjepphestar kjem med har eg høyrt.  Eg ivrar for tverrfaglegheit.  Og så håper eg på ei oppvurdering av handverk i ungdomsskulen.  Vi skal utdanne elevar til yrkesfag også.  Slik ungdomsskulen har vore nokre år, er det førebuing til studiespesialiserande.

I morgon er det tilbake til skulekvardagen etter ei vitamininnsprøyting førre veke.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...