onsdag 31. oktober 2018

Strikk til fødeavdelinga


Fødeavdelingane ved sjukehusa her ønskjer seg huer og sokkar til dei små. Husflidslaget har utfordra medlemene. Eg strikka ei hue. Hælfelling på sokkar slit eg med. Mor mi hjelpte meg med å gjere jobben... Ho strikka tre par. 

Bildet er av det som vart levert i dag. Etter novembermøtet vert dei gitt til sjukehuset.

2 kommentarer:

  1. Fint tiltak.
    Eg har strikka litt til Afrika, saniteten som står for utsendinga.
    Apropos hælstrikking, så har eg løyst koda ... tenk at eg kan noko som du , som er så flink med strikking , ikkje kan.. Sjølvkjensla steig litt ;)
    Klem

    SvarSlett
  2. Det er noko med det ein slepp å lære … Eg kan ikkje å bake ostekake heller - takka vere systera mi;-)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...