torsdag 30. juni 2016

Å mote seg opp til montering (eller kva det no måtte vere)

 Eg liker veldig godt å strikke! Når eg strikker kufter, gler eg meg spesielt til mønsteret når eg har sett ermane inn på bolen.  Men så er det denne monteringa ... Det å sy og klippe er raskt gjort.  Eg synest også det er enkelt når eg kan plukke opp masker og strikke stolpane på tvers.  Då vert plagget raskt ferdig, og eg kan begynne på eit nytt arbeid.

I juni begynte eg på to kufter der stolpane skal strikkast på langs. Slikt arbeid er det lett for meg å utsette.  På denne sydde eg maskinsaumane og klipte opp.  Der vart det eit stopp.

Ein dag eg gjekk heim, begynte eg å kjenne på presset.  Kva er problemet?  Du veit du får det til!  Det er berre å vere nøyaktig med å måle opp og sette merke! Og så er det så kjekt å bli ferdig!

Når eg har arbeid som det er freistande å utsette, bruker eg å bestemme kor tid arbeidet skal gjerast.  Då har eg godt "samvit" og stressar ikkje. Prøve- og stilbunkar angrip eg til dømes på den måten.  Tidlegare i veka bestemte eg at frysaren skulle avrimast torsdag, så det gjorde eg i dag .I går hadde eg fri til å drikke kaffi saman med ei god venninne. I kveldninga jobba eg i hagen og lytta til ei bok.
No gler eg meg til å gi vekk jakka til maibarnet!  Siste hand på verket la eg då Island slo England.

11 kommentarer:

  1. Det blir nesten som EF8EU9 buksa til Margrete, det. Fin jakke, og så nøytral at den kan brukast lenge- heilt til den er utsliten.

    SvarSlett
  2. Unnskyld-teikna før og etter EU skulle vere parentesar.Har gløymt å halde rette tasten nede.

    SvarSlett
  3. Amanda ønska seg ei sid, grå. Eg fann fram denne og tenkte den ville falle i smak. Det gjorde den. Knappane skulle vere brune, men dei er lette å skifte om moten skulle forandre seg. Eg synest det var prikken over i-en.

    SvarSlett
  4. Veldig fin jakke! Å strikke stolper oppover er ein prøvelse......

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, no skal det berre strikkast på tvers! Belønninga er at det vert svært pent. I kofteboken 2 har dei gått mykje over til oppoverstolpar. På den førre var det med perlestrikk, og då juksa eg. Det kjem eg til å gjere i framtida, trur eg ...

      Slett
  5. Nydeleg jakke! Artig å lese korleis du bestemmer kva tid du skal gjere ting - det er akkurat slik eg òg plar organisere dagane mine. Slik får eg unna både bunkar og studium.

    SvarSlett
    Svar
    1. I vårt yrke må vi ha ein strategi for å ikkje leve i kontinuerlig stress/ meddårlig samvit.

      Slett
  6. Eg har ei tid for det meste eg skal gjere, og så lagar eg meg slagord, t.d. "Mandag er orkidedag"-då veit eg at orkideane skal ha gjødsel.Ein annan måte å motivere meg sjølv på, er å ta tida. I gamle dagar då eg skrelte poteter til ein heil familie, syntest eg det var kjedelig. Så tok eg tida: -6 minutt, er det noko å snakke om? Når eg skal gjere ein litt større jobb, set eg tidsfristar, og då blir det litt meir fres!(Det er mange måtar å lure /motivere seg sjølv på.)

    SvarSlett
  7. Den jakka er nydeleg !
    Passa til alt.

    SvarSlett
  8. Så fin den vart!
    Heldig mottakar :-)

    God helg!

    PS: Skal mote meg opp til ein stor jobb, best eg lærer av deg :-)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...