søndag 9. november 2014

Farsdag 2014

Farsdagsfeiringa her i dag har vore heller enkel.  Sidan vi hadde folk her i går, vart det servert restar, ikkje at det var simpel mat.  Bigset skulekorps arrangerer messe ein gong i året.  Vi var der for å høyre song og musikk. Der er innslag frå scenen i gymsalen fordelt utover dagen.  Litt småtteri vart no med heim og.  I tillegg til lokale utstillarar, er der nokre tilreisande med mellom anna spekemat, julepålegg, honning og syltetøy.

Tysdag ventar vi mellomstemann heim på perm.  Han vert heime slik at han kan vere med å feire min eigen far, som har gebursdag til helga.  Det gler vi oss til!

3 kommentarer:

  1. Flott bakgrunn på sida di.
    Det vart ikkje tid til Bigsetmessa, alt for mange ballar i lufta,
    men eg høyrde der var mange spennande ting å få kjøpt.

    SvarSlett
  2. Det er frøkna som driv og mekkar på sida mi.
    Kjekt med Bigsetmesse. Eg synest dei har kome fram til eit kjekt konsept!

    SvarSlett
  3. Kjekt med litt feiring!
    Fauk forbi messa for å feire farsdag i byen.
    Såg ut som det var ein del folk der.

    Fin ny veke!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...