torsdag 6. november 2014

Bok 55: Frost

Denne romanen har eg hatt liggande ei stund.  Etter å ha lese "De usynlige" av same forfattar, fann eg fram att "Frost".  Romanen tek oss attende til Island, Noreg og delar av Storbritannia rundt år 1000.  Vi følgjer Gest som må røme frå Island etter å ha drepe ein høvding.

Romanen er interessant med tanke på å lære noko om vikingtida.  Meg fengde han ikkje heilt.  Men eg ser at romanen har vore nominert til Nordisk råds litteraturpris, og at han får gode omtalar.




4 kommentarer:

  1. Det er nokre år sidan eg las denne no. Viss eg ikkje minnest heilt feil, var denne Gest kortvokst? Eg likar historiske romanar, og hugsar at eg også likte denne godt. Slik er det med bøker - vi opplever dei ulikt!

    SvarSlett
    Svar
    1. Gest, eller Torgest var kortvokst, ja.
      Elles har det noko med kva tid ein les ei bok også...

      Slett
  2. Viss du ikkje alt har lese den, er det "Seierherrene" du må lese. Den handlar om Norge i nyare tid. Veldig bra bok.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg har planar om å lese Seierherrene.

      Slett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...