lørdag 12. juli 2014

Bok 37: Havets katedral

Frå forlaget;
Bernat Estanyol, en livengen bonde i middelalderens Spania, tvinges av sin brutale godsherre til å forlate både hustru og gård. Sammen med sin lille sønn Arnau søker han tilflukt i Barcelona, byen der hjemløse og forfulgte kan finne frihet. I den vrimlende storbyen møter Arnau mennesker som skal følge ham resten av livet - i vennskap og svik. Men hans skjebne ligger i inkvisisjonens hender ... "Havets katedral" gir en fascinerende beskrivelse av Barcelonas storhetstid som livlig sjøfartsby preget av religionskonflikter, krig, pest, enorme sosiale forskjeller og kamp om materiell rikdom. En gripende historie om ukuelig frihetstrang og grenseløs kjærlighet.

Dette er ein historisk roman frå midten av 1300-talet.  Svartedauden er ei viktig hending i romanen.  

Eg både likte og ikkje likte denne romanen.  Hendinga er etter mitt syn lite truverdig.  Kanskje ei og ei hending kan vere realistisk, men tilsaman vert det meir eventyr.  Det er kanskje meininga.  Det er ein lang roman med 19 CD-at.  Eg trudde der skulle vere 20, men den siste var ei MP3-plate.

Mykje av det historiske stoffet er interessant.  Måten ein kunne behandle kvinner på, er hårreisande, men sikkert historisk korrekt.  Også jødane si historie er grusom.

Om lydbokutgåva: Eg liker at lydbøker vert lesne opp nokonlunde nøytralt.  Opplesaren treng ikkje spele for mykje og rope til dømes.  Musikk høyrer heller ikkje til etter mitt syn. Eg vil ha hjelp til å lese, ikkje tolke!

6 kommentarer:

  1. Eg las boka for fleire år sidan og likte den. Eg har aldri vore i Barcelona, men ser for meg mykje av byen..,som sjølvsagt ikkje ser slik ut no som den tida hendingane i boka var.

    SvarSlett
  2. Ein biverknad av boka er at ein får lyst til Bacelona!
    Boka var lettlesen og grei, men ein må vere med på eventyr, meiner eg.

    SvarSlett
  3. Eg var ikkje begeistra for boka, men Barfotdronningen var verre. Denne forfattaren har samme feilen som Hislop. Dei grip begge tak i interessante historiske hendingar, men diktar opp personar og hendingar som ikkje heng på greip. Apropos heng, så heldt eg på å bli hengd då eg kritiserte denne boka då den var ny og lovprisa av "alle".

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg toler godt at fork ikkje er einige med meg!
      Til denne romanen hadde eg ingen forventningar, men hugsar no at mange las han for nokre år sidan. Eg tok med meg det eg ikkje hadde lese på biblioteket.

      Slett
  4. Eg byrja på boka ein gong, men ga opp. Er veldig samd med deg i vurderingane dine. Men det undrar meg at opplesaren skuffa, er det ikkje vår ven frå Min kamp, Anders Ribu? Han var no glitrande der.

    SvarSlett
  5. Der reagerte eg ikkje på han. Meiner han las greitt. Det kan no hende han har fått ei anna bestilling då han skulle lese denne i og med at dei hadde lagt til musikk til.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...