mandag 24. mars 2014

Suvenirar frå Tyrkia

 Gutane, eller dei unge mennene, hadde med seg både konfekt/sjokolade, fotballdrakter og det som bilda viser, då dei kom heim i går kveld.
Kor mykje luft desse søtsakene er polstra med, kunne vore ei artig matteoppgåve.  Du får sjølvsagt så mange gram som du har betalt for, men volumet er kanskje noko overraskande.

Eg følte meg litt sånn som ho svigermora i reklamen då eg sette ein brøddeig i går og sende med eldstemann eit par brød til brødboksen og fryseboksen hans. Han sette sjølvsagt pris på å få både mjølk og brød til frukost i dag.

I dag håper eg alle elevane mine har hatt ein kjekk og lærerik dag på jobb. Sjølv har eg fått meg nokre mattetimar i GeoGebra. Det er alltid ei dørstokkmil å sette seg inn i enkelte nye ting, men når ein har kome eit steg på veg, vert det interessant.

2 kommentarer:

  1. Apropos bilde under innlegget: På Kitch`n har dei fått eit heilt stativ med utstyr til laging av Cupcakes. Tenkte på Olaug.

    SvarSlett
  2. Ho har litt utstyr, både til cupcakes og marsipankaker ...

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...