søndag 9. mars 2014

Søndag 9.mars

 I dag plukka eg årets første bukett i hagen. Slike påskeliljer kjøper eg vanligvis mange av.  Dei vert planta ut i hagen.  Året etter kjem det att nokre som er så små som snøklokker.  Sidan ser eg dei ikkje att.
I dag fekk eg litt hjelp til å dekke bordet.  Vi var berre fire i dag.  Journalisten er i La Manga for Vikebladet. Det stod svinekotelettar på menyen.  Til kaffimat bake eg Gundas tante Gretes banankake. Eg hadde ein klase godt modne bananar liggande, så eg laga like godt dobbel porsjon.  Kakene mine heva seg litt for godt. Kanskje var eggedosisen litt for luftig (litt mindre sukker neste gong?), eller teskeiene med hevemiddel for store.  Eg brukte sjølvsagt måleskeier. Sjølv om kakene datt litt ned på midten, smakte dei svært godt! Det er så greitt med mat; bevisa når ein ikkje er heilt nøgd, vert oppetne!

Også komande veke vert det ein ettermiddag med kontaktmøte.  Så i ettermiddag retta eg ein bunke prøver elevane hadde fredag.  Det er greitt å ikkje kome bakpå!

2 kommentarer:

  1. Eg har opplevd at dei har søkke i hop eitt par gongar. Det virkar heilt uforklarleg kvar gong, men når eg har laga den kanskje femti gongar vellukka i løpet av tjueår så er det uvisst kva som er problemet.

    SvarSlett
  2. Det er langt mellom kvar gong med meg og. Ein lærer seg å lese oppskrifter. Det gjer ikkje noko når ein ikkje skal ha den med seg nokon stad.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...