lørdag 15. mars 2014

Baksida

 Først fekk eg lyst til å vise fram strikketøyet mitt. jakka vert litt mindre anonym enn den førre.  Mønsteret er mykje meir spennande, slik eg ønska meg det.  Kankje eg skal ønske meg ei hjartenål i sølv til den?
Elles eg det ein slik dag på facebook der folk legg ut bilde av snø.  Her har snøen kome ned i fjella, men utsikta mi bak huset er snøfri.

Elles har ikkje dagen vore så spennande.  Eg har mellom anna sykla meg ein tur nedover, vaska hus og baka brød.  Bilen har fått stå i ro. No skal vi kose oss med ferskt grovbrød med godt pålegg og sjå "Hver gang vi møtes".  Når nokon er sjuk og berre orkar å sjå TV, får ein verkeleg augene opp for kor mykje dumt som vert sendt.  Dagens verste er missekonkurransar for born i USA.

2 kommentarer:

  1. Å, den jakka var fin! Sikkert ein god idé med ei ♥ nål i sølv :-)

    Her har det kome litt snø.
    Stod ikkje akkurat på ynskjelista.

    Helga går alt for fort.
    Føler det enten er mandag eller fredag heile tida.
    Rekk langt frå alt eg ynskjer, men slik er det nok for dei fleste.

    Fin laurdagskveld!

    SvarSlett
  2. Kjempefin jakke. Eg kjem meg visst aldri lenger enn til lestar. Her ser vi NRK 1 og tek opp på TV 2. Orkar ikkje reklame.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...