tirsdag 2. april 2013

Klenodium

 I påska kom mor mi med nokre ting ho ville eg skulle ta vare på.  Det gjer eg med glede!

Det første er eit forkle som oldemora mi sydde til mormor, svigerdotter si.  Kan det ha vore på 50-talet?
Viss ein studerer detaljane, ser ein at stoffet er godt utnytta.  Maskina kunne nok berre sy rettsaum.

Mormor jobba som kjøkensjef på sjukehuset på Eid til ho vart pensjonist 70 år gamal i 1974. Ho var svært flink til å lage mat.  Mi oldemor hadde ikkje komfyr.  Ho kokte i grua. Mormor fekk oppleve utviklinga frå vedfyrt til elektrisk komfyr. Mormor laga majones for så å lage italiens salat, og ho bakte vassbakkels i vedfyrt komfyr.  Det vart nok rekna som avansert den tida. Mor mi kan fortelje meir om dette!
Då ho vart pensjonist, oppdaga vi at ho kunne å hekle.  Ho lærte sikkert meir frå mønster i vekeblada.  Desse gryteklutane hekla ho vel til oss då vi fekk raud komfyr seint på 70-talet. Flisene på kjøkenet var raude og brune.

9 kommentarer:

  1. Jeg får alltid dårlig samvittighet når jeg ser gamle og bevarte ting. Jeg er ikke flink til å ta vare på dem, derimot en ekspert i å kaste.....

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg oppbevarer litt arvegods i ei kiste. Eg synest det er interessant med gamle bruksting som fortel om ei tid som var.

      Slett
  2. Mamma var mykje plaga med augene i mange år, derfor hadde eg knapt sett henne med handarbeid før ho vart "gammal". Ho hekla, som du veit, mange fine ting,særlig etter oppskrifter i svenske blad. Ho hadde ingen problem med å finne ut av det.
    Viss ein les på majonespakkar etc. vil ein sjå at Mills har produsert majones frå 1951. Før den tid laga mamma majones for hand, av bl.a. olivenolje som vi den tida måtte kjøpe på apoteket. Kva tid mor hennar fekk vedkomfyr kan eg ikkje seie, men veit at dei kokte i grua då mamma var lita.

    SvarSlett
  3. Når det gjeld forkleet, var det farmora mi som sydde det. Eg synest det er utrulig at dei la så mykje arbeid i noko så prosaisk som eit forkle. Men så må ein hugse at den tida var forkleet noko som husmødrer alltid hadde på seg.

    SvarSlett
    Svar
    1. Då fekk eg oppklart det! Eg var usikker på kven av oldemødrene som hadde sydd det.

      Slett
  4. Kjekt med gamle ting som blir tekne vare på. Hugsar godt Amanda med hekletøyet, kryssordet og sporten på tv. Ei fantastisk dame, som vi hadde mykje glede av!

    SvarSlett
  5. Såg forresten på nettet i dag at Lewis var påskekrimvinnaren! Eg støttar det, sjølv om det var langdrygt og vanskeleg å halde seg våken. Då er nettet fint å ha!

    SvarSlett
  6. Eg likte så godt 2. episode! Men eg har ikkje stemt sjølv enno. Får minne blogglesarane på det i morgon!

    SvarSlett
  7. Kor kjekt å ha slike minne.
    Du har nok arva mormora di når det gjeld matlaging :)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...