onsdag 10. april 2013

Hals - og amerikanske åtak

I dag har eg strikka ferdig halsen.  Det spørs om eg skal legge han i eit lite gåvelager?

Det har vore litt unormal aktivitet på bloggen dei siste dagane.  Eg sjekka litt kvifor til dømes Trondheimsuppeinnlegget har vorte så "populært":  det viser seg at det har kome ein del såkalla viruskommentarar.

Kva har dette med suppa å gjere?  Sjekk grammatikken ...

I am no longer positive where you're getting your info, but great topic. I needs to spend a while studying more or working out more. Thank you for wonderful information I was searching for this info for my mission.

Eller kven i USA er så interesserte i oppskrifta?  Ein må berre passe seg for å ikkje falle for freistinga å gå inn på desse nettadressene, for då kjem det berre fleire kommentarar.  Eg håper det gir seg, elles får eg innføre handikappline, noko som kanskje gjer at eg får færre kjekke kommentarar.

Can you tell us more about this? I'd like to find out some additional information.

NB! Stem på påskekrimmen!

5 kommentarer:

  1. Fin hals! Sender deg snart ein pakke...kit. Eg og har fått nokon slike kommentarar, som eg har sletta. Trasig med kodar,har problem med dei, særleg på ipad.

    SvarSlett
  2. Flott hals! Du er flink!

    Eg også har fått omtrent like kommentarar på spesielt eit av innlegga mine. Viktig å slette fort. Har ikkje lyst ha sperre. Men eg godkjenner kvar enkelt kommentar i stadenfor.
    God natt!

    SvarSlett
  3. Eg vil helst ha det enkelt både for meg sjølv og andre, så eg får ta meg ei sletterunde og håpe det hjelper!

    SvarSlett
  4. Fin hals!
    Det andre er ekkelt.
    Eg får nokre slike, men dei ligg berre på e-posten, ikkje i kommentarfeltet i bloggen.
    Eg slettar etterkvart, men veit ikkje kva eg har innstit i bloggen slik at det ikkje kjem dit...

    SvarSlett
  5. Eg lurer på om det er slik at same adressa ikkje kjem inn att om ein merkar dei med nettsøppel. Eg fann ut ein kunne gjere det på kommentarar.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...