lørdag 10. mars 2012

Nytt strikketøy

 I går bestemte eg meg for å sjå etter eit nytt strikketøy, gjerne i garnet "Hverdags".  Dette garnet er høveleg tynt til kle ein kan gå inne med på jobb.  Jakker er spesielt greitt å slenge av seg på skulekjøkenet der eg har liggande ei høveleg jakke som toler mykje vask.
Dette mønsteret er i eit anna garn med same strikkefastheit.  Fargane ser litt annleis ut enn namnet på dei tilseier.  Eg valde fargar i "Hverdags" som liknar fargan slik dei ser ut på bildet, om de forstår kva eg meiner.  På den måten vart det tre av fargane på førre prosjekt, noko som sjølvsagt er økonomisk og praktisk med omsyn til restar.

6 kommentarer:

  1. Du er jammen blitt flittig med pinnane! Jakka du har begynt på ser kjempefin ut!

    SvarSlett
  2. Synest det er kjekt at du kan strikke igjen. Men pass deg for å overdrive. Eg prøver å strikke lestar av restegarn....men det tek aldri slutt.

    SvarSlett
  3. Hei! Eg er ny her inne...og eg likar godt nynorsken din:) Jakka ser heilt nydeleg ut, og fargane er fine. Lukke til med strikkeoppdraget ditt. Eg vonar legge ut om mine prosjekt etter kvart. Ha ein god søndag! ENIA

    SvarSlett
  4. Hei, fantaskisk flott jakke, har vært på jakt etter noe lingnende, kan du si meg hvor jeg kan finne denne flotte oppskriften så hadde jeg blitt glad. Kirsti

    SvarSlett
  5. Eg skal strikke berre litt kvar dag. Denne satsar eg på vert i haustgarderoben ... Heftet oppskrifta er i heiter "til fjells" frå Sandnesgarn. Eg kjøpte den på Trådkråa på Hareid, men trur nok den finst på dei fleste strikkebutikkar. der er ein fin vest på baksida eg også kunne tenkt meg.

    SvarSlett
  6. Nydelig!! Dette blir nok ei flott jakke:)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...