mandag 12. mars 2012

Bok 15: Brente skygger

Då eg hadde lese denne boka, tenkte eg: Dette må vere ein såkalla bestseljar.  På Bokkilden står der "Internasjonal boksuksess".  


Det opnar godt med forteljinga frå Nagasaki 1945. Hiroko har forlova seg med ein tysk mann.  Så fell bomba, og ho vert merka for livet.  Av han er det berre feittskuggen att.


Ho reiser til Pakistan.  Og her begynner oppskrifta på ein bestseljar: To familiehistorier vert knytt saman over tid og over kontinent.  Forfattaren vil så mykje, så har vert det mykje handling og lite djupn, meiner eg.  Personane er skildra utan at ein kjem under huda på dei.  

Språket er heller ikkje tøft nok til handlingane etter mitt syn.  Eg synest det har vore skrive betre bøker frå til dømes Afganistan før.

Andre trekkjer fram superlativa når dei omtalar denne boka.  Blogglesarane må gjerne gjere seg opp si eiga meining.  Kjedeleg er romanen ikkje.




1 kommentar:

  1. Det er ei stund sidan eg las denne boka no, men eg hugsar at eg tenkte det samme som du. Alt vart liksom for "lett" for enkelt og overflatisk.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...