torsdag 29. mars 2012

Bevis at du ikkje er ein robot!


Eg har vore litt frimodig med slekt og bloggvener og spurt om dei kan ta vekk handikaplina.  Ein ser ikkje sjølv kva hinder ein lagar for andre.  Av og til slit ein med å kommentere.

Sjølv har eg ikkje vore utsett for robotmeldingar eller ekle kommentarar, så eg tillet også anonyme kommentarar.  Enkelte skriv ein initial eller eit formnamn under.  Så veit ein, eller kan gjette, kven det er.

Bloggarar må gjere som dei vil.  No håper er at eg ikkje har gitt nokon dårlege idéar av typen "Så sa dei at vi ikkje skulle putte erter i nasen. Det hadde vi ikkje tenkt på før."

Oppskrifte er enkel: vel nei for "Vil du vise ordbekreftelse ...?"

4 kommentarer:

  1. Takk for tipset i går kveld.
    Eg visste ikkje at eg hadde sånn bokstavkode for
    å godta innlegg.
    Det må ha vore standard når eg oppretta bloggen.
    Har irritert meg over dette hos andre, og ikkje forstått kvifor dei har det....
    så du høyrer, eg fyl ikkje med....

    Igjen, tusen takk :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er ikkje så lenge sidan desse kodene endra seg til det verre.

      Slett
  2. Det verste med desse bokstavkodane er at bokstavane er manupulerte slik at dei kan vere umulige å tyde. Trur ikkje eg har slik kode, men viss eg har så sei ifrå, så skal eg ta den bort.

    SvarSlett
    Svar
    1. Du har ikkje. To andre i slekta hadde ;-)

      Slett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...