Her kjem oppskrifta på "cupcakesa" som vi laga torsdag kveld. I dag har frøkna baka nye. Ho brukte ei banankakeoppskrift som vi fann i Sverre Sætre si bok. Ein kan i grunnen bruke alle formkakeoppskrifter. Det er berre å fylle dei i små former og steike dei i 10-20 minutt alt etter temperaturen.
På kurset brukte vi soyamargarin sidan kurshaldaren har gode erfaringar med det. Heime brukte vi meierismør. Dette får vere opp til kvar einskild. RØRE
125 g soyamargarin, romtemperert
2 dl sukker
2 dl sukker
2 egg
1 dl mjølk
3 dl kveitemjøl
1 ½ ts bakepulver
1 ½ ts bakepulver
1 ts vaniljeessens
1. Set omnen på 175 grader.
2. Set 12 former i eit muffinsbrett.
3. Rør sukker og margarin kvitt.
4. Rør inn egga, eitt om gongen.
5. Ha i mjøl/bakepulver og mjølk vekselvis.
6. Tilset vaniljeessens.
7. Fordel røra i muffinsformene. Dei skal vere ca. 2/3 fulle.
8. Steik kakene i midt i omnen i ca. 20 minutt.
9. Avkjøl først kakene 5 minutt i forma før du legg dei på ei rist.
FROSTING
125 g soyamargarin, romtemperert
1 ts vaniljeessens
½ dl mjølk
6-7 dl melis
1 ts vaniljesukker
1 ts vaniljesukker
Konditorfarge
1. Rør margarinen mjuk og smidig
2. Ha i vaniljeessens.
3. Sikt i melis og vaniljesukker vekselvis med at du har i mjølka. Bland inn nok melis til at frostingen blir fast og smørbar.
4. Tilsett konditorfarge.
PYNTING
Ha frostingen i ein sprøytepose. Pynt etter eige ønske!
Eg hadde liggande noko utstyr etter eit kakepyntkurs eg var på ein gong på 90-talet. Men vi kjøpte like godt eit nytt sett til frøkna.
Desse formene og glaser med hjerter skal brukast til konfirmasjonen hennar.
Slikt formingsutstyr får ein i vanlege butikkar. Det kom ikkje vaniljeessens som bestilt til skulekjøkenet førre veke, så vi brukte vaniljesukker