tirsdag 10. januar 2012

Sal -det ingen vil ha?

Ein biverknad av å jobbe mykje, er at ein ikkje får tid eller overskot til å fare på sal.  Sjølv har eg berre kjøpt meg eit plagg på -30% på ein butikk eg plar handle.

Lureri?
Frøkna måtte derimot på sal med mor på slep.  På ein kjedebutikk såg vi at dei la fram store bunkar med billege kle.  Det spørs om ikkje dei satsar på å tene like mykje på desse varene.  Innimellom heng det restar av julekjolar og andre sesongvarer.  Det er vel desse nedprisa varene kritikarane av sal, meiner ingen vil ha.

I avisa i dag var det ein mann som hadde fått erfare det han meinte var juks frå ulike EL-kjeder.  Dei har ikkje averterte varer klokka 7 første salsdag.  Eg har alltid lurt på kven som kjøper vaskemaskiner fordi det er billeg.  Eg kjøper det når den gamle er gåen ...  Viss ein ikkje vil bli "lurt" på sal, bør ein gjere litt "research".

Min regel for sal er at går eg på sal, så kjøper eg ikkje varer til full pris.  Det tryggaste er vel å handle der du vanlegvis handlar. Der veit du kva ting kostar. Har eg kjøpt ein blå genser som har vist seg å vere av svært god kvalitet, så har eg meir enn ein gong kjøpt ein lilla sameleis til halv pris eller -70%.

Julegåver til halv pris
Ein sparer fort nokre hundrelappar på å kjøpe kle i romjula.  Første skuledag veit ingen kven som har kle til full eller halv pris på seg.  Gåvepakningar med  dusjsåper og parfymar kan vere fine gåver til januarborn?

Dette som dett ned i korga
Ein kjem ofte heim med ting ein ikkje hadde tenkt på - eller har bruk for.  Men nokre impulskjøp må det vel vere rom for?  Boka over til halv av raud pris 62,50 hadde eg vel ikkje så stort behov for?  Først tenkte eg på mor mi, men ho har vel gjerne denne boka?  Fleire eg kjenner, et berre brødtypen Ingers brød.  Her er oppskrifter på alle.  Elles er rettane fornuftige.  Eg kjem nok attende til dei på bloggen.   Kosthaldet med grovt brød og vanleg sunn mat, er vel slikt ein ikkje får selje for tida?  Lavkarbobøker i ulike variantar låg der til full pris?  Det siste eg har sett der, er lavkarbo-husmannskost.  Eg trur dei meiner norsk tradisjonsmat med lavkarbovri.  Ingen vil vel leve på husmannskost i 2012?

3 kommentarer:

  1. Hei Solveig. Jeg følger bloggen din og liker det du skriver :) Tenkte å fortelle deg at jeg har ei kokebok som heter "norsk husmannskost - verdens beste kokebok " av Tom Victor Gausdal. Den inneholder fantastisk mat ! Jeg "digger" husmannskost ! :)

    SvarSlett
  2. Eg meiner dei bruker omgrepet husmannskost feil :-) Husmennene i Norge levde nok ikkje så flott i matvegen. Mange flytta til Amerika p.g.a. fattigdom. Mykje av den norske tradisjonsmaten er frå tida etter husmennene var vekke t.d. safting og sylting. Derfor meiner eg at dei bør kalle det norsk tradisjonsmat når dei presenterer god mat som vi vil ete i dag!
    Norsk tradisjonsmat er eg glad i!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...