tirsdag 15. november 2011

Blandabalj - perfekt denne gongen?

 I dag gav eg gjengen beskjed om å skrelle poteter til eg kom heim.  Eg ville lage blandabalj av fiskefase eg fekk av far min.  Eg brukte same oppskrift som før, men let foodprosessoren gjere jobben.


Blandabalj i foodprosessor
1 liten løk
1/2 kg rivne poteter
1/2 kg malen fisk
1 ms kveitemjøl
1 ms potetmjøl
1 1/2 ts salt

Kokekraft: 3 l vatn og 2 ms salt


Slik gjorde eg det:
1. Hakk løken med kniven.
2. Ha i poteter delt i ca fire.  Køyr maskina til dei er malne.
3. Ha i fisk.  Lat maskina gå medan du har i mjøl og salt.  
4. Form balj med flesk i midten og ha i kokande kraft.


Konsistensen på denne blandabaljen vart mykje fastare, meir lik svigermor mi sin, fekk eg høyre, og det er vel eit kvalitetstekn?  Eg kjem i alle fall til å halde på denne framgangsmåten.

2 kommentarer:

  1. Her er mi oppskrift(frå eit ferjeblad):
    1 kg fisk
    1 liter oppskorne poteter
    2 små ss salt
    2 store løk
    3 ss potetmjøl
    1 dl melk

    koketid 45 min.

    Eg laga halv porsjon på foodprosessor.
    Måla i di oppskrift er meir nøyaktige, elles er det ganske likt.Mine plar bli heilt OK. Og det er godt! Men no føler eg meg rimelig godt stappa etter tre dagar med "selskapsmat" og restar. No er alt vekke. Fraus resten av kjøtet.

    SvarSlett
  2. I går laga eg fiskekaker i foodprosessor og serverte mandelpoteter til. Gjengen likar dei betre finmalne ...
    Nøyaktige mål, ja, det følgjer med jobben!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...