lørdag 16. november 2013

Farsdag og fødselsdag

 Tradisjonen tru sår vi saman farsdagen og fødselsdagen til far min.  Feiringa var heilt tradisjonell.  Gjestene vert færre, for dei eldste borna har flytta heimanfrå. Lengst vekke er ho som bur i Kristiansand.
 Det er ikkje så lenge til denne karen vert 10.
 Skal tru om han får det han ønskjer seg i år?
Ja! Eitt skjerf! (Presisert i ønsket.) Eg er ikkje heilt oppdatert på kor mange slipsknutar han kan?  Var det ikkje 25?  Så no spørs det om det finst like mange skjerfknutar?
 Kransekake med smellbonbongar.  Krona må på!

Inga feiring utan kransekakevits: EiegodScäferhund til salgs. Fordringsløs i matveien, spiser alt.  Er særlig glad i småbarn.
Borna kosa seg med spel og etter kvart kaker.

Det er artig å sjå tilbake på feiringa i fjor. Elles reknar eg med at det vil kome innlegg på andre bloggar i løpet av kvelden.

fredag 15. november 2013

God helg!

Det nye strikkeprosjektet går raskt framover på pinnar nummer 6 1/2.  Det siste heldt på å stoppe heile arbeidet.  Men i går fekk TrådKråa inn rundpinnar.  Deira fempinnar var firkanta og i tre.  Det tok eg ikkje sjansen på. I dag hadde eg eit par hemmelege ærend i byen, så eg passa på å rekke garnbutikken der før stengetid.  Der hadde dei pinnar i både tre og metall.  Desse får vere bra nok.

Det ligg an til å bli ein fredeleg kveld i heimen. Veret ute er heller ekstremt.  Men vi skal ikkje klage når vi ser korleis det er andre stader i verda.

God helg!

torsdag 14. november 2013

Gratulerer 77!

I dag kan vi gratulere far min med 77-årsdagen!

På bildet skal han vere 24 år. Han er bestefar til åtte gutar (og tre jenter).  Kven som liknar mest på bestefaren sin, er ikkje godt å seie!(?)

Laurdag skal vi feire på tradisjonelt vis. Det gler vi oss til!

Som eit apropos til svart-kvittbildet, viste eg elevane svart-kvitt-TV i dag.  Eit par hadde hjelpt meg å reparere noko.  Eg hadde kalla dei Pompel og Pilt, noko dei ikkje forstod - sjølvsagt.  I dag fann eg ein episode på YouTube for å sprite opp undervisninga litt.  Så fekk eg fortelje om då vi fekk farge-TV, om store tusenlappar som måtte brettast.  Det viste seg at dei visste at foreldre vart skremde av Pompel og Pilt.  Ein hadde sett ein gammal seddel i glas og ramme.  Sjølv vart eg mest overraska over at vaktmeisteren gjekk rundt og sa verkelege framandord. Noko anna som overraska meg var at elevane synest det var morosamt, spesielt i byrjinga. Sjølv har eg alltid vore for gammal til barne-TV, kanskje med unnatak av nettopp Pompel og Pilt., viss det nokon gong har vore for born. Kall det surrealisme eller tull og tøys. Uansett hadde dei ikkje mykje å hjelpe seg med, nokre handdukker, kosteskaft og enkle treting. Ned frå talet heng det aluminiumsfolie til dømes.

tirsdag 12. november 2013

Bok 52: Skjebnehjulet

Frå bokomslaget:
Dette er historien om Miriam, Nina og Ellinor, tre naboer i et idyllisk villastrøk. Selv om de er mødre alle tre har de ingenting med hverandre å gjøre. Så flytter Janina inn i nabolaget og ingenting er lenger som det har vært. De tre kvinnene søker sammen i felles front mot den ytre trusselen.

Det er sjeldan eg bruker så lang tid på ei bok.  Ho har lagt på vent ei god stund, og eg la ho inn på I-poden i mangel av noko anna å lytte til.

Romanen fenga meg rett og slett ikkje.  Språket er klissete. Ulempa med lydbok er at det er vanskeleg å sitere i ettertid.  Innhaldet er i beste fall gamaldags. Andre ville sagt reaskjonært. Det meste er føreseieleg.  Det toppar seg for meg på slutten då den utru ektemannen skriv eit brev til kona om han kan få flytte heim att.  Svar vil han ha før han slår opp mede elskerinna.  Truverdig? Skal dette vere kvinnelesnad i 2013 - eller 2009 då ho var skriven?

Mitt råd til blogglesarane: Styr unna viss din litteratursmak er lik min!

mandag 11. november 2013

Ikkje pære, berre lære?

5 om dagen
Det første elevane mine spurde om då det vart regjeringsskifte, var om det kom til å bli slutt på skulefrukta. "Det kan eg aldri tru", var mitt svar.  For kvifor skulle dei gjere seg upopulære på noko som kostar så lite, men som vil ha stor helsegevinst? Vi veit at spesielt unge jenter treng C-vitaminar til brødmåltida for at kroppen deira skal ta opp jern.  I tillegginneheld dei ulike fruktene fleire vitamin og mineral som kroppen treng.

Då dei to yngste her gjekk på barneskulen, betalte eg ganske mykje for at dei skulle få seg ei frukt om dagen.  Resultatet var at dei åt meir frukt heime.

Foreldra sitt ansvar
På facebook er det mange som meiner det er foreldra sitt ansvar å sende med borna frukt. Dei treng å realitetsorienterast!  Matpakkane endrar seg for kvart år, og det ikkje til det betre.  Rett nok sit det nokre med matpakkar med mange rom i fylt med sunne saker.  Men fleire kjem med posar med kveitebollar eller skulebollar kjøpt for matpakkepengane på butikken før skuletid. Skilnaden aukar stadig. Det er og dei som verken har med seg mat eller pengar.

Foreldre vil alltid det beste for borna sine.  Når det krev tid, pengar og planlegging, kjem dessverre mange til kort. I mange heimar er det borna som bestemmer også det dei ikkje bør bestemme. Som ein lærar i Bergen ein gong sa: "Ein kan ikkje vere forsiktig nok i val av foreldre."

Politikarane si oppgåve
Gratis skulefrukt var ein liten start på eit viktig helsefremmande tiltak, nemleg å syte for at skuleborn får i seg grovt brød med sunt pålegg, frukt og mjølk. Kvar skal ein ta pengane frå?  Det får politikarane finne ut av.  Det er kanskje eit alternativ til barnetrygd? Pengane kjem borna til gode uansett.

Mange vil ha middag på skulen.  Det krev større utbyggingar.  Ikkje sidan 60-talet har nordmenn ete middag midt på dag.  Eit brødmåltid vil vere mykje enklare å organisere.

Til Erna har eg berre ein ting å seie: Ta deg ei pære!


søndag 10. november 2013

10. november

 I dag ser eg på facebook og på bloggar at ein ikkje skal reise så langt før det er snø. Det har vore ein heller hektisk dag her.  Eg tok meg ein pause midt på dag og for på Bigsetmessa.
Aloharosa mi kan kanskje framleis sprette ut?

Sidan far min snart har fødselsdag, kjem vi til å feire farsdag og fødselsdag same dag.  Det har vore ein tradisjon i familien.

lørdag 9. november 2013

9. november

Etter ei heller hektisk veke med lite søvn, var det godt å få sove seg ut i dag.  Det vart ein tur til sentrum før eg begynte å gjere noko fornuftig.  Eg oppdaga at genseren skulle strikkast på pinnar nr 6 1/2, ikkje 6 slik eg trudde.  Heldigvis hadde eg ein rundpinne til bolen i 6 1/2. Men eg treng både fempinnar og ein ermpinne. Det måtte bestillast, så eg håper eg får dei i tide.  Det er stor kvalitetsskilnad på pinnar.  Den eg strikkar på no er anten frå Nille eller Europris.  Dei er ikkje glatte nok for meg. PT sine metallpinnar liker eg best, men det er vel ei smaksak eller ei vanesak.

På biblioteket fann eg desse bøkene i dag.  Ingen av dei er av den typen eg hiv meg over.

Om nokon lurer på kva det fornuftige er, så har eg retta to prøver i dag, ei før og ei etter middag. I morgon har eg tenkt å knekke minst ein bunke til.

fredag 8. november 2013

Nytt strikketøy!

 No trur kanskje blogglesarane at eg er ferdig med herregenseren, men det er eg ikkje!  Halskragen og monteringa står att.  Eg jamsteller det med rettingsarbeid.  Ein må førebu seg mentalt på å gjere det. Montering gjer eg berre i dagslys.  Etter at eg hadde strikka og montert kufta mi, tenkte eg at det å sette i ermar, er ei smal sak.  Det nye prosjektet mitt er endå enklare med tjukke pinnar og raglanfelling.  Det er frøkna som vil ha seg genser.
Brosjyren fekk eg meg med heim då eg starta på herregenseren. I dag kjøpte eg mønsteret. Denne gongen fekk eg med meg ein brosjyre som heiter DIY. Modellane var enkle og trendy.  Det er så nytt at dei hadde ikkje mønsterhefte.  Frøkna likte så godt ein genser i det heftet og. Til det er det berre å seie: Do It Yourself.  Det vil ho greie.

Då ønskjer eg blogglesarane ei god helg, med eller utan strikketøy!


torsdag 7. november 2013

Søndag i Bergen

 Søndag sjekka vi ut frå hotellet og gjekk oss ein tur rundt i sentrum att.
 Baksida av Brygggen.


 Fløibanen, no med elektroniske tavler som andre stasjonar.
 Trange gater - ikkje så ulike dei i Stavanger.



 Tagging er eit trist syn på flotte hus.


Vi gjekk til Litteratuhuset der Øystein heldt foredrag og las frå boka si.  Ekstra kjekt var det at eit vennepar frå lærarskuletida kom.  Vi møtest på Sunnmøre av og til. Søndag åt vi middag saman og kosa oss.  Det viser seg at yngstesønene våre studerer saman!

onsdag 6. november 2013

Kva veit dei om oss?

Eg kjøpte dette brødet med tanke på å starte ein samtale om norske idrettsfolk.  Den tyske eleven vår hadde ikkje høyrt om Nortug, men skal Bjørndalen halde fram i vinter?

Dei to venninnene og dei to tyske elevane har kosa seg her i heile dag etter bedriftsbesøk og Høddkamp. Dei har verkeleg funne tonen! Det vart servert taco for andre gong denne veka.  I stad bar eg ned eit fat sveler til dei.  Noko meir sunnmørsk finst vel ikkje?

tirsdag 5. november 2013

På gamle stiar

 For 27 år sidan budde vi i Bergen. Eg var litt spent på kor mykje byen hadde endra seg.  KIanskje det viste seg at vi hadde endra oss.  Vi oppsøkte i alle fall andre stader enn vi gjorde den gongen.

Fisketorget var fornya.  dei selde mest frukt etter det vi kunne sjå.

Eg trur han må ha sett seg ned i seinare tid.
Bryggen er vel den same?
Dei gamle, flotte husa.
Vi kika litt i vindauge.
Typisk turistbutikk!
Vi vandra mot festninga.

Fofattaren ville sjå Rosenkrantztårnet.



 Det finst forbodsskilt i Noreg og, men det er heller langt mellom dei.


Domkyrkja.
Peter Dass.
Dorothe Engelbretsdotter. (Eg tek atterhald om skrivemåten.)
I Marken kjende eg meg ikkje godt att, men eg veit at eg brukte å handle litt her, eller i alle fall kike i butikkar. Eg tippar at mange butikkar er lagt ned eller flytta etter at kjøpesentera begynte å ta over.

mandag 4. november 2013

Utveksling

 Frøkna i familien har meldt seg på eit utvekslingsprosjekt. Så denne veka har vi ein tysk ung mann på besøk. Eg har trua med å snakke tysk, noko som ho meiner vil gjere hene flau.  Vi henta han hos ein annan vertsfamilie som tok i mot dei i går sidan vi var i Bergen.  Det viser seg at han snakkar flytande engelsk etter å ha vore eitt år i USA.

Guten er høfleg og grei.  Han er open for å smake all mat, seier han.  Til frukost fekk han prøve seg på brunost i form av innherredsost. Han smakte og var overraska, for han hadde ikkje trudd at det "actually was good".
I dag laga eg taco til dei to venninnene og dei to tyske vennene deira. No har dei fare på kino i Ulsteinvik. Det ser ut til å bli ei kjekk veke for ungdomane! (Og oss vaksne.)

lørdag 2. november 2013

Turist i Bergen


Mobilen min samarbeider ikkje heilt i dag. Men elles har vil det strålande!

fredag 1. november 2013

Pizzasaks

Ein kollega av meg meinte for snart 15 år sidan at ei saks var den beste reiskapen til å skjere pizza med.  I dag fekk vi klippe sjølve på Peppes pizza.


Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...