onsdag 2. oktober 2019

Bok 41: Vi de druknede

Handlingen utspiller seg i fiskersamfunnet Marstal, på øya Ærø i Danmark, gjennom fire generasjoner, fra den tyskdanske krig i 1848, og fram til mai,1945. Romanen beretter om sjømennene fra Marstal, både levende og druknede, og om sjømannskoner som sitter hjemme og venter på sine ektemenn, ofte forgjeves. Den handler om sjømennenes lengsel og utferdstrang, og om reisene deres, fra Tasmania i sør, til Russland i nord.

Denne lydboka tok eg med meg heim frå biblioteket.  Det var den siste romanen eg ikkje hadde lese - om ein ser vekk frå dei med ei dame med ryggen til på coveret.  Forventningane var dermed lave.  Forfattaren i heimen vart begeistra då han såg valet mitt. Han er ikkje så glad i krim som meg, for å seie det slik.  Sjølv prøver eg å finne anna enn krim, men fell lett attende til det.

20 CD-ar med spennande og interessante historier tok meg ikkje lang tid å lytte gjennom!  Ein vert dregen inn i handlinga som strekker seg over om lag 100 år. 

No har eg vore på bybiblioteket.  Der kom eg over både Jo Nesbø oh David Lagercrantz sine siste krimbøker.  Så no gjeld det å ikkje mørkne ute når eg går tur på Rotarystien! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...